Då er eg framme!
Forlot heimen rett etter 07.00 laurdag morgon, og hoppa på båten til Bergen. Der besøkte eg høggravide Heidi og PO, den blivande pappa, og hadde ei triveleg opplading til flyturen med hundetur, taco, og powerskravling!
Slik at eg slapp å makke med buss og bybane ei laurdagsnatt, køyrde dei meg på flyplassen før dei la seg, og eg fann meg ein benk fram til flyet gjekk 06.25 om morgonen. Etter å ha manøverert meg over både Shipol i Amsterdam og Charles de Gaulle i Paris, landa eg som planlagt i Montpellier rundt 14.00 på søndag! :)
Hypersosial som eg kan vere til tider, var eg ikkje komt lenger enn inn på bussen før eg traff på to jenter som bur på same Residence som meg. Og godt var det, sidan Amanda hadde kart og litt kjennskap til byen, og klart å guide oss rett inn på rette trikk. Rett i nok i feil retning, men det oppdaga vi kjapt, skifta trikk og var snart framfor Residence l'Observatoire.
Ikkje verdens mest eksklusive plass å bu, litt gammalt og nedsarva, men sengetøyet og kjøkkenet var reint, og resten tok eg i løpet av 10 min.. Men ikkje noko å anbefale for dei som må ha aircondition og senga redd kvar dag! Ut på byen bar det, for ein liten matbit og ein glas vin. Katarina frå Sverige og Amanda frå Tyskland var trivelege jenter, og vi hadde ein koseleg kveld! Men etter snart 36 timar utan søvn, måtte eg gje meg tidleg.. Eg er nok for gammal for slikt! ;)
Neste dag skulle vi stille på skulen 08.00, og vi så gjorde. Kjapp orientering og utdeling av timeplan, deretter gjorde vi eit forsøk på guida tur. Dette vart ikkje så vellykka, all den tid den første regnbyga på to veker kom akkurat då, så den vart avlyst. Då fann nokre jenter frå klassen ut at det er på tide med frokost nummer 2 (croissanten og espressoen metta ikkje så lenge), og snart fann eg meg på eit koseleg partisserie med Line frå Danmark, Joanne frå Australia og Sayaka frå Japan. Internasjonalt miljø her nede! :)
13.45 var det tid for første time, som i sin heilhet foregikk på fransk.. Men det gikk heilt fint, læraren vissta at vi alle var nybegynnerar, og var tålmodet sjølv, mens vi stava oss gjennom alfabetet og lærte å telle. Litt ut i timen peip det i veska.. Eg sneik meg til ein liten titt, og der var det bilete av ein nyfødd liten kar og helsing frå Heidi i Bergen! Ho hadde lova å ikkje føde før eg hadde vore på besøk, og sanneleg held ho løftene sine! 09.56 måndag morgon vart dei foreldre, og full lykke i heimen :) Etter timen måtte dette feirast med endå ein tur til gelatosjappa eg hadde raida saman med Katarina og Amanda dagen før. Målet er å smake meg igjennom heile utvalet, noko som noko kan ta si tid! Men nam!
På kvelden var eg oversosialisert og trøtt, så eg trakk meg tilbake til hybelen og varma ein boks som såg spennande ut.. Slett ikkje verst, og saman med vinen eg hadde unna meg, og nokre bita camerbert, vart det eit reint herremåltid! Kosa meg òg med Les Parapluies de Cherborg, gamaml fransk film, og hadde ein kosleg kveld. I dag har eg avtale om å møte jentene frå klassa til lunsj, og må snart komme meg avgårde! Skal prøve å få lagt ut nokre bilder seinare, men er noko rart med Blogspot i dag.. Her er iallfall formen på topp, og dette virkar til å bli ein kjempefin ferie!
tirsdag 7. august 2012
fredag 3. august 2012
Bonne Fête a Moi...
I dag vart eg faktisk 29!
Ikkje så mykje feiring, då Åse Berit er vekkflytta, Linn er på ferie, Bente er sjuk og Hanne hos si sjuke jente Nanna.. Men på jobb vart det insistert på isinnkjøp, folk stakk stadig innom kontoret for å gratulere og på facebook og telefon tikka gratulasjonane inn jamnt og trutt :)
Sidan dette er min sister offisielle bursdag (ei dame blir jo aldri eldre enn 29), fann eg det like godt å kjøpe inn ei flaske Pink og nyte i einsemd! Men, mens eg spretta korken og naut dei første dråpane, kjende eg likevel nærveret til dei som skulle ønske dei kunne feire med meg i kveld!
Kjekt med så gode venner at ein kjenner at dei er der sjølv når dei ikkje kan..
Og i morgon ventar Unni si desidert største bursdagsgåve til seg sjølv!
07.00 stiller min snart helgenerklærte eksmann Ørjan på døra, og skal køyre meg til Bergensbåten som går 07.20.. Litt utpå dagen ender eg i Bergen, og sidan mi høggravide venninne Heidi ikkje heilt fungerer før rundt 14.00-15.00, skal eg parkere kofferten i eit skap, og sjå Bergen på eiga hand, for ein gongs skuld! Eg tenkjer ein syndig frokost på Godt Brød, og å kose meg i diverse bokhandlar og musikkbutikkar.. Deretter må eg finne Bybanen, og få lekamen oppover byen.
Eg veit der vert te, mykje god skravling, og kanskje litt sam-matlaging utpå kvelden?
Deretter kjem søndag, og då er eg heilt ute i ukjent territorium!
Lita blondine manøvrere seg gjennom to av Europa sine største flyplassar, plitt mutters aleine, uten å kunne språket? Hjelp?
Men eg er jo alltid den som veit kor vi er og kor vi skal, og opningstidene i den næraste baren, så eg har håp om at eg kjem dit eg skal, forhåpentligvis med kofferten min, og vetet i behold!
Kryss fingrane, folkens, for after this, there be dragons!

torsdag 2. august 2012
T - 3
Nedteljinga forset, og om tre små ynkelege dagar er eg i Frankrike!
Reiser frå Måløy allerede tidleg laurdag morgon, og ankjem Bergen på føremiddag. Så skal eg besøke mi gode venninne Heidi, som er kjempegravid med sin første, men har lova å krysse beina til over helga. Termin er tross alt ikkje før 12. august, så dette går fint!
Uanstendig tidleg neste morgon, altså søndag 06.25, går flyet frå Bergen, og etter eit par mellomlandingar i Amsterdam og Paris, skal eg lande i Montpellier 13.55 søndag!
I går kom mailen med adressa til leiligheta, og eg skal bu i Résidence L'Obsevatoire, 1 rue Henri Guinier. 3 min gange frå skulen, lovar dei, og 5 frå den lokale trikk-, tog- busstasjonen.
Skulle nokon kjende vere i området er det berre å stikke innom :)
Kofferten er no ferdigpakka, med nytt tilskot av bikini, sarong og nye solbriller (97,- til saman! Takk og pris for salg!), alle papir og billettar er utskrevne og putta i veska saman med eit flunkande nytt pass, eg er snart a jour med alt som skal vere ferdig på jobb før eg stikk, til tross for mitt uheldige sjukdomsavbrot.. Og som lova av min kjære lege, som eg sterkt vurderar å få kanonisert, fungerar pillane over all forventning, og eg er nesten frisk! I det store og det heile er eg veldig klar for ferie!
Så no sit eg her i fred og ro, levande lys og litt rosè i glaset, og høyrer på min nye franske favorittartist: Amandine Bourgeois! Litt rocka singer/songwriter, som syng på fransk, og og takka vere henne høyrer eg no alltid når eit ord sluttar og eit begynner i ei fransk setning! Det er sjelden eg skjønnar kva ho seier då, men musikken er bra, og eg kosar meg skikkeleg her eg sit!
Bon Soir!

onsdag 1. august 2012
Zu faire sa valise! :)
Dei siste dagane har nok vore ei mindre enn ideell oppvarming til ferien:
Eg har lege strekk ut, og kjempa mot bronkitt med tilhøyrande feber.
I slutten av juli! Korleis klarte eg det, kan du kanskje spørje deg sjølv, kjære lesar, og kjem du opp med eit godt svar, så vil eg gjerne høyre det!
I går kom eg meg iallfall til le docteur, og han skreiv med glede ut ein stor boks antibiotika til meg, og meinte på at eg godt skulle vere i stand til å reise på laurdag. Heldigvis!
Så i dag, under ein liten avbrytelse i hostinga, fekk eg så smått begynt på pakkinga:
Jada, mamma, kofferten er, som du ser, godt merka, med lærlapp som ikkje kan dette av same kva!
Dessuten står der både namn, tittel, adresse, e-mail og telefonnummer.
Så no har eg god tid til å plukke saman alle småting som ein vanlegvis gløymer i kampens hete.
Har plukka fram eigen skulebag, der bøker, pc, laderar og andre ting eg ikkje kan miste skal få bu, og vere med meg som handbagasje. Kan seie kva du vil, men det er ein modig mann som sjekkar inn noko ein er redd for på ein flytur! Eg har rett nok ikkje mista noko eller fått noko ødelagt enno, men det betyr vel berre at oddsa er i mot meg?
Alle reisedokument er i orden og utskrivne (eg har til og med endeleg fått bestilt båtbilletten til Bergen), og pusevakt er parat! Jimi skal få tilbringe ferien sin på landet hos Bente, og leike i skogen med Ingolf og Sussi (ja, kattane hennar heiter det) i to veker, men mamma set seg på skulebenken igjen.
Nervøs? Moi?
Ja, litt, skal eg heilt ærleg innrømme, no som ting nærmar seg, og det går opp for meg at for første gong i livet skal eg feriere aleine! På ein plass eg aldri har vore før, saman med folk eg enno ikkje har møtt og eit språk som eg slett ikkje beherskar.. Ja, eg er stor jente, og vert stadig fortalt at eg er så utadvent at det nesten er eit handicap, men likevel! Kva om dei andre ungane ikkje likar meg? Jepp, der regresserte eg tilbake til første skuledag..
Og det er det jo, på ein måte..
Ikkje at eg ikkje trur at det går bra, men eg lova vel å fortelle om alt smått relatert til turen, og sommarfuglar i magen er nok å forvente. Eller burde eg kalle dei papillions?
Eg har lege strekk ut, og kjempa mot bronkitt med tilhøyrande feber.
I slutten av juli! Korleis klarte eg det, kan du kanskje spørje deg sjølv, kjære lesar, og kjem du opp med eit godt svar, så vil eg gjerne høyre det!
I går kom eg meg iallfall til le docteur, og han skreiv med glede ut ein stor boks antibiotika til meg, og meinte på at eg godt skulle vere i stand til å reise på laurdag. Heldigvis!
Så i dag, under ein liten avbrytelse i hostinga, fekk eg så smått begynt på pakkinga:
| Dei viktigaste tinga er allereie med: pass, solbriller, bikini, og le petit moir! |
Dessuten står der både namn, tittel, adresse, e-mail og telefonnummer.
Så no har eg god tid til å plukke saman alle småting som ein vanlegvis gløymer i kampens hete.
Har plukka fram eigen skulebag, der bøker, pc, laderar og andre ting eg ikkje kan miste skal få bu, og vere med meg som handbagasje. Kan seie kva du vil, men det er ein modig mann som sjekkar inn noko ein er redd for på ein flytur! Eg har rett nok ikkje mista noko eller fått noko ødelagt enno, men det betyr vel berre at oddsa er i mot meg?
Alle reisedokument er i orden og utskrivne (eg har til og med endeleg fått bestilt båtbilletten til Bergen), og pusevakt er parat! Jimi skal få tilbringe ferien sin på landet hos Bente, og leike i skogen med Ingolf og Sussi (ja, kattane hennar heiter det) i to veker, men mamma set seg på skulebenken igjen.
Nervøs? Moi?
Ja, litt, skal eg heilt ærleg innrømme, no som ting nærmar seg, og det går opp for meg at for første gong i livet skal eg feriere aleine! På ein plass eg aldri har vore før, saman med folk eg enno ikkje har møtt og eit språk som eg slett ikkje beherskar.. Ja, eg er stor jente, og vert stadig fortalt at eg er så utadvent at det nesten er eit handicap, men likevel! Kva om dei andre ungane ikkje likar meg? Jepp, der regresserte eg tilbake til første skuledag..
Og det er det jo, på ein måte..
Ikkje at eg ikkje trur at det går bra, men eg lova vel å fortelle om alt smått relatert til turen, og sommarfuglar i magen er nok å forvente. Eller burde eg kalle dei papillions?
tirsdag 31. juli 2012
Ok, greit, så vart det ikkje meir blogging forrige helg.. Men slik er det med vellykka arrangement, dei gir berre ikkje tid til overs, slik at ein stakkar kan få blogga om dei! Skal vi sjå.. Siste eg lot høyre frå meg var eg vel nett ferdig med sorbeten, og hadde steikt husvert sin bær-mose-ting. Dette forgjekk seg på ein onsdag, og neste dag, torsdag, sette eg i gong med alt anna som skulle gjerast i anledning middagen! Brød vart baka, ytrefileten vart bruna, og fyllet til Filet Bouef de Coutrè vart tilverka. Dette gjorde eg ganske lett ved å brune løk og sopp i steikefettet etter kjøtet, og putte oppi fløyte og raudvin. Løksuppa vart kokt, og raudvinssausen vart gjort klar. Då eg sette meg ned etter endt dyst, var klokka 21.06 på kvelden, og kjøkenet fullt av velduftande ting!
| Bøddeigen hevar, kjøtet, kjøler og fyllet godgjer seg.. Multitasking! |
| Og her ser vi dei viktige prioriteringane når Unni lagar mat: raudvin, kvitvin og pepper! |
Fredag var dagen då alt skulle passe saman! Eg kom heim frå jobb, og heiv meg i monteringa. Kjøt og fyll vart surra inn i butterdeig, og sett til kjøling som anbefalt i oppskrifta. Eg mosa squash til suffleane, skilte egg og putta alt i små skåler slik at det berre var å røre det saman seinare, utan at kjolen tok for mykje skade av det. Så såg eg på klokka… I meldinga eg hadde sendt ut tidlegare på dagen hadde eg sagt at eg opna dørene 18.00, og no var ho 17.55! Heldigvis hang kjolen klar og eg var nyspylt, så det var berre å dyppe ansiktet i krigsmåling og snike seg inn i den blå stroppelause. Ja, eg svikta le petit noir, men den kongeblå saken er nok ganske fransk den òg? Notorisk presise Åse Berit ankom heldigvis (og ganske utypisk) ikkje før 18.15, og då hadde eg fått ned pulsen og sat på terassen med eit lite glas. Linn kom ikkje lenge etterpå, og då var det fram med Pinken! Dessverre ikkje fransk, men altfor god til at vi kan ha eit samkome utan Bente kom òg ramlande ned trappa, og vart tvangskosa av Jimi før ho ein gong hadde fått plassert stumpen i stolen. ”The itty bitty welcoming-comittee” hadde sluppe sløyfa denne gongen, grunna tidspress, men var likevel klar for action. Sidan Annette måtte melde avbud (stakkar sjuke jenta) og Hanne måtte jobbe til 21.00, sette vi oss for første bordsetet, og eg oppdaga at eg kanskje skulle venta med å jevne løksuppa til eg varma den opp for servering.. Den hadde blitt litt gele-aktig, men trur eg fekk berga den med rikelige mengder vatn og vin, og brutal visping.. Smaken vart iallfall godkjent, og då Hanne fekk smake litt seinare på kvelden, meinte ho på at den ikkje stod det minste tilbake for den kokkeskulen laga då ho gjekk der. Puh!
| Vi går til angrep på suppen.. |
Mens vi naut suppe, heva squashsufflane seg i omnen.. Og dei vart like høge som forrige gong! Smaken var dessverre temmeleg svak, og eg har lært at salt og pepper knapt kan overdrivast i samband med squash og egg! Sausen hadde fått same sjuka som suppen, men vin (så lenge ein har nok av den) har berga så mang ein tulling, så eg trur eg slapp unna med den òg.. Kjøtet vart iallfall slik eg ville ha det, lett rosa i midten, men med gjennomsteikte endar, slik at alle kunne få kjøtet slik dei likte det. Mette vart vi! Noko så inderleg òg..
| Innbakt filet, rett frå omnen |
Dermed framla eg eit framlegg om at vi skulle vente med desserten til alle kunne ete saman. Det vart einstemmig vedteke, og vi trakk ut for litt frisk luft og eit par glas vin. Eg hadde sendt vår fryktlause faste sjåfør Andreas for å plukke opp Hanne etter jobb, og 21.30 kom ho. Då var det på tide med pakkeutdeling! Sidan dette var Åse Berit sin siste kveld i byen, hadde eg sett saman ei lita overlevelseseske til ho! Den innholdt: teppe og tjukkesokkar (sidan ho alltid frys), ekstra stort og uknuseleg vinglas, kamomillete (for små kriser), prøvepakke med vin (for litt større kriser) og køyreruta frå nyejobben hennar heim til meg (for when shit has really hit the fan). Dessuten litt førstehjelpsgreier (disney-plaster, ibux, hostesaft (Jaegermeister) og allergitablettar), og eit lite hefte med alle Åse Berit sine svarte-hol-teoriar! Deretter henta eg fram poeten i meg, leste opp ei lita ”Ode til fagkonsulenten”, og fekk nesten jenta til å ta til tårene! Fordi ho vart rørt og happy og sånt, altså.. Hanne hadde gått til innkjøp av ei flaske Pink, som Åse Berit lova å ta med seg og nyte første kvelden i ny leilighet. Så ho fekk ein skikkeleg send-off!
| Åse Berit med eske og vin, Linn med vin, og Bente med brus og pakkesangar.. Berre velstand! |
Men gåveutdelinga var ikkje over med dette! Bente hadde nemleg bursdag 25. juli, og sidan Hanne jobba den dagen, tok ho like gjerne med seg gåva på fransk aften. Eit gåvekort (frå Hanne) og eit forkle med teksten ”Purrrfectly Sane Cat Lady” (frå meg) vart fangsten, og Jimi fekk leike seg med gåvebanda. Alle tre var meget fornøgd med det, og etter at vi hadde fått fora Hanne, var det tid for dessert.
| Foring av Hanne |
Sorbeten gjekk ned på høgkant, praten gjekk og stemninga var høg. I det store og det heile, veldig vellykka kveld!
onsdag 18. juli 2012
Etter laaaang tids lesing og pugging, er det no mindre enn ein månad att til eg vender nasa sørover!
Weeeeeee!
Rett nok, det skal innrømmast, i det siste har eg vore usannsynleg slapp med blogginga.
Det kjem rett nok ikkje av mangel på begivenheter i livet, men rett og slett mangel på tid og energi!
No, derimot, skal eg ta eit kjapt samandrag, så de kjem a jour på den siste månaden sine begivenheter:
Jobbe, ete, lese, trene, sove.
Sånn, det gjekk jo kjapt! Ikkje dei heilt store begivenhetene..
Vel, Hanne klarte å lokke meg opp i eit helikopter:
Og Åse Berit har etter eit drøyt år gjett seg i kommuna, og hadde sin siste dag 10. juli. *snufs*
I skrivande stund mistenkje eg at ho står til knes i pakking, og er litt generelt småstressa.
Det einaste rette å gjere i ein slik situasjon, er jo å invitere til ny fransk kveld, tenkjer eg!
Og som sagt, så gjort..
Som avskjedsselskap for Åse Berit, har eg nemleg samla gjengen frå forrige soiree til nye eventyr, større meny og vidare vinglas! :)
På fredag skal dette gå av stabelen, og eg har sjølvsagt allereie begynt på maten.
Sorbeten er klar, og står i frysen og hutrar.
Den bør jaggu bli god, tatt i betraktning at eg klarte å brenne opp husvert sin mose/hakkesak i prosessen.. Eg stod i fred og ro og mosa bær, støtta meg mot oppvaskbenken, fekk støt og såg at det begynte å ryke så merkeleg... Heldigvis var det siste runda den skar seg på, så desserten er klar, og så kjøper eg ein ny dings til kjære husvert..
I morgon skal løksuppe og filet Wellington tilverkast, og då trur eg nokre bilete er på sin plass!
Stay tuned, lovar å blogge litt i morgon òg.. Lovar! :)

fredag 8. juni 2012
L'été est de retour!
I skrivande stund sit eg og ser utover masse blått!
Blå himmel og blått hav, noko som er ein relativt uvanleg kombinasjon her på Vestlandet. Det går mykje i grått med enkelte kvite innslag, sjølv no på den årstida vi har høyrt rykter om at dei har sommar på Austlandet.. Difor må dette nytast så godt som råd!
Skulle gjerne ha tatt meg ei liten slurk med noko fransk og kaldt på verandaen, men trur helga skal brukast til mykje meir nyttig! Min helgenerklærte husvert har nemleg gjett unge mademoiselle eit lite budsjett for ordnings av hageflekken utanfor døra mi, og motivasjonen til å få gjort noko er stadig stigande!
Kirsebærtre og stauder ligg i korta, men først har eg og husvert Irene eit lite prosjekt på gong: vi skal mure! Det har seg nemleg slik at den flekken vi tek føre oss no ikkje kan gjerast noko særleg med før vi har fått ein god mur til å halde jorda på plass, og husvert sin kjære samboar såg seg ikkje i syne med å prøve seg på slike utskeielsar. Då såg eg på Irene og Irene såg på meg, og så kom vi fram til at om vi berre stakk våre blonde hovud saman, skulle vel ikkje dette by på noko problem? Kva kan gå gale?
Nøyaktig kva som gjekk gale skal eg nok vite å klage høglytt over når den tid kjem, men foreløbig er tonen optimistisk, og vi går i gong med ein song i hjartet og sola i ryggen.
Ønsk meg lykke til! :)

Abonner på:
Innlegg (Atom)