torsdag 24. mai 2012

Å Vestland, Vestland!

Merkeleg med dette, hyppigheta i mine bloggoppdateringar vert sterkt påverka av vêret!
No må vi ha vore skikkeleg snille, sidan det no i slutten av mai er eit opphald i den vanlege syndefloden, og vi vert vekkskjemde med sol og varme..

Dette kan jo ikkje kastast vekk, så Friskus Nytun og eg har vore hyppige å sjå i skog og mark.
I går tok vi på nytt turen til Skongsnes fyr, og der var om mogeleg endå finare enn sist!




På turen fram tok vi den vanlege løypa over fjellet, men på tilbakevegen fann vi ut at vi trengde nye utfordringar.
Difor tok vi fjøra tilbake, og der var ein del klatring og bruk av nye og ukjende musklar! Etter ei stund kom vi fram til Skongsneshellaren. Ganske imponerande å sjå kva naturkreftene kan gjere!
Åse Berit inne i hellaren, i kjent positur med kamera..

...for å få omtrent dette biletet.

Etter ein kjapp fotosession gjekk, klatra, kraup og kleiv vi vidare, og innimellom trur eg til og med vi var innom råsa! Turen munna ut på Halsørsanden/Sætresanden (kjært barn osb), og når vi nådde målet var vi ikkje seine om å få av oss våte fjellsko og vasse uti. Ja, vatnet var litt kaldt, men sanneleg gjorde det godt for slitne bein! Faktisk så godt at eg fall for freistinga å dyppe meg litt.. (Vatnet var framleis litt kaldt...)

Åse Berit har sjølvsagt òg skreve ein epistel, med fleire bilder og nerdefakta. Den finn du her: http://friskusnytun.blogspot.com/2012/05/skongsneshellaren-og-andre-oppdagingar.html

Men hadde vi fått nok av fjellet for veka då? Neida!
Sidan vi allereie har besigra Synnevahornet og Brurahornet, syns vi at vi måtte ha eit tredje horn for å få eit høveleg tal på det. Derfor tok vi fjellsko og sekk på i dag òg, og sette kursen mot Børahornet. Herleg tur! Passeleg fønvind heldt solsteika på eit behageleg nivå, utsikta vart finare for kvart steg, og ikkje visste vi ordet av det før vi var framme.
Ein gong sekretær, alltid sekretær.. Sjølv på fjellet!
Fleire bilder og nerdefakta her: http://friskusnytun.blogspot.com/2012/05/brahornet.html

Med slike friskustakter og eit berg av lovdata å setje meg inn i, må eg nok heilt ærleg innrømme at den franske grammatikken har lege litt brakk siste veka.. Men med slikt nydeleg vêr, som eg sikkert ikkje ser maken til før eg faktisk er i Frankrike, har eg bevilga meg sjølv ein liten lesepause!
Det skal jo først og fremst vere moro, og ikkje endå ein ting på den alltid veksande to-do-lista..

Difor, mes amies, skal eg no tasle i retning køya med den fasinerande boka "Rettigheter og plikter ved sykdom, svangerskap, fødsel og adopsjon" og sjå om litt trygdebestemmelsar finn vegen inn i hjernen!
Og de av mine vener som kjem inn under mitt område, kan de vere så snille å ikkje vere sjuke meir enn 16 dagar i slengen og helst ikkje få så masse ungar? Blir sånn inderleg papirarbeid av slikt! ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar