torsdag 24. mai 2012

Å Vestland, Vestland!

Merkeleg med dette, hyppigheta i mine bloggoppdateringar vert sterkt påverka av vêret!
No må vi ha vore skikkeleg snille, sidan det no i slutten av mai er eit opphald i den vanlege syndefloden, og vi vert vekkskjemde med sol og varme..

Dette kan jo ikkje kastast vekk, så Friskus Nytun og eg har vore hyppige å sjå i skog og mark.
I går tok vi på nytt turen til Skongsnes fyr, og der var om mogeleg endå finare enn sist!




På turen fram tok vi den vanlege løypa over fjellet, men på tilbakevegen fann vi ut at vi trengde nye utfordringar.
Difor tok vi fjøra tilbake, og der var ein del klatring og bruk av nye og ukjende musklar! Etter ei stund kom vi fram til Skongsneshellaren. Ganske imponerande å sjå kva naturkreftene kan gjere!
Åse Berit inne i hellaren, i kjent positur med kamera..

...for å få omtrent dette biletet.

Etter ein kjapp fotosession gjekk, klatra, kraup og kleiv vi vidare, og innimellom trur eg til og med vi var innom råsa! Turen munna ut på Halsørsanden/Sætresanden (kjært barn osb), og når vi nådde målet var vi ikkje seine om å få av oss våte fjellsko og vasse uti. Ja, vatnet var litt kaldt, men sanneleg gjorde det godt for slitne bein! Faktisk så godt at eg fall for freistinga å dyppe meg litt.. (Vatnet var framleis litt kaldt...)

Åse Berit har sjølvsagt òg skreve ein epistel, med fleire bilder og nerdefakta. Den finn du her: http://friskusnytun.blogspot.com/2012/05/skongsneshellaren-og-andre-oppdagingar.html

Men hadde vi fått nok av fjellet for veka då? Neida!
Sidan vi allereie har besigra Synnevahornet og Brurahornet, syns vi at vi måtte ha eit tredje horn for å få eit høveleg tal på det. Derfor tok vi fjellsko og sekk på i dag òg, og sette kursen mot Børahornet. Herleg tur! Passeleg fønvind heldt solsteika på eit behageleg nivå, utsikta vart finare for kvart steg, og ikkje visste vi ordet av det før vi var framme.
Ein gong sekretær, alltid sekretær.. Sjølv på fjellet!
Fleire bilder og nerdefakta her: http://friskusnytun.blogspot.com/2012/05/brahornet.html

Med slike friskustakter og eit berg av lovdata å setje meg inn i, må eg nok heilt ærleg innrømme at den franske grammatikken har lege litt brakk siste veka.. Men med slikt nydeleg vêr, som eg sikkert ikkje ser maken til før eg faktisk er i Frankrike, har eg bevilga meg sjølv ein liten lesepause!
Det skal jo først og fremst vere moro, og ikkje endå ein ting på den alltid veksande to-do-lista..

Difor, mes amies, skal eg no tasle i retning køya med den fasinerande boka "Rettigheter og plikter ved sykdom, svangerskap, fødsel og adopsjon" og sjå om litt trygdebestemmelsar finn vegen inn i hjernen!
Og de av mine vener som kjem inn under mitt område, kan de vere så snille å ikkje vere sjuke meir enn 16 dagar i slengen og helst ikkje få så masse ungar? Blir sånn inderleg papirarbeid av slikt! ;)

lørdag 12. mai 2012

Résumé de Semaine

Pardon, leeeenge sidan sist blogginnlegg!
Dette har nok mest å gjere med at eg har dreve med fint lite franskrelaterte greier siste veka, men så bekymringa ikkje skal bli for stor, kan eg heller ta ei kjapp oppsummering av aktivitetane:

Fredag 4.mai: Synnevahornet i snøstorm!
Denne har sjølvsagt Friskus Nytun blogga om, så den kan de lese om her: http://friskusnytun.blogspot.com/2012/05/sunnivahornet-friskus-og-helseguru-pa.html
På toppen av Synnevahornet, 689 m.o.h. Vi var veldig stolte av oss sjølve!

Laurdag 5. mai: Hanne sin bursdag!
Kanapear vart tilverka, eg smatt inn i min nye, knallorange kjole, og opna kvitvinen.. Meget triveleg kveld!
Bursdagsbarnet, med eit stadig tomare glas av Unni sin patentpunsj..

Åse Berit, Linn og meg i stråååålande form!

Søndag: Zzzzzzzz....
Måndag: Kor
Tysdag: Trening (le figure trés chic igjen!)
Onsdag: Lide for treninga (gongsperre.. Au!)
 Torsdag: Brurahornet i strålande sol (WTF?!)
Ut på tur, aldri sur! 

 Og denne turen har sjølvsagt Åse Berit dekka her http://friskusnytun.blogspot.com/2012/05/brurahornet-og-gottrysa.html.

Fredag: Terapeutisk inntak av ting i stetteglas
Laurdag: Angre på at eg sa ja til å hjelpe til i konfirmasjon, og dermed måtte slepe lekamen opp av senga i rimeleg tid for borddekking og pynting av bedehus. Men det gikk jo så fint, berre eg kom i gong!

Og i morgon er då dagen for sjølve konfirmasjonen til Lise-Mari, dottera til min kollega Ellen, og eg skal ta på meg mi fabelantiastiske (jepp, klarte ikkje å velge mellom fabelaktig og fantastisk..) kystdrakt, og vere tenande ånd i nokre timar.

Så der har vi det, ei veke i Unni sitt fasinerande liv, når eg ikkje driv med noko som ein gong er fjernt relatert til språkreisa i august, unnateke grammatikkpugging i ledige stunder.
Men er jo grenser for kor ofte eg kan klage over sære franske grammatikkreglar før du går frå vetet, kjære lesar! :)

torsdag 3. mai 2012

Une élève très dilligent!

I går måtte stakkars Unni utføre sine korplikter med noko mindre glede enn vanleg..
Den årlege basaren er i gang, og å bruke mine hardt oppsparte avspaseringtimar på å sitje basarvakt var ikkje heilt det eg hadde i tankane! Men eg bevæpna meg med fransk grammatikk og språklære, og fekk 3 timar nesten uforstyrra pugging av bestemmerar og kjønnsbestemte artiklar!

Oppdregen i den tid der kvinner og menn skal vere tilnærma like, kan det jo vere litt trøblete å innsjå at ei kvinne ikkje kan vere "le" om ho så ynskjer, og kven skal hindre meg i å bruke "la" om ein mann? Franske grammatikkreglar, that's who...
Men trur kanskje det synk inn snart, er jo ikkje så mange sære, uregelrette verb og underlege sakjer som i norsk (og då særleg nynorsk, som er eit kasusspråk, men som eg etter snart 30 års trening kjenner eg beherskar ganske grett ;)
Les Fracaises si snåle innputting av artiklar som annakvart ord, og desse aksentteikna over tredjekvar bokstav skal vel òg gå greit, så lenge eg klarar å lære meg forskjellen på `og ´..

Vel, det får halde med grammatisk klagesong for i dag, helga nærmar seg med stormskritt!
Eller som eg og Åse Berit seier kvar onsdag etter lunsj: det er jo pratisk talt helg!
Derfor tenkjer eg ei lita polferd seinare, kanskje med eit litt sprudlande tema, sidan det jo er dobbel bursdagfeiring på laurdag..
Stor bildereportasje til helga! Sjå kjolane, sjå bildene!
(Sjå dansing på bordet og diverse anna utilrådeleg åtferd... Neida, mamma, vi skal vere så snille at..)

tirsdag 1. mai 2012

Beucoup de Livre!

Vel heime etter Bergensturen, og sanneleg har eg fått kvalitetstid med mi kjære venninne!
Eg hadde ikkje vore i byen meir enn 15 min, før eg vart leia ut i freisting, og inn på Pastasentralen.. Der la eg dietten på hylla for middagen, som bestod av nydeleg blåskjellspasta med kvitvinssaus.. Nam!
Men vi var flinke etter middag, handla inn grønnsaker og yoghurt til snacks, og trakk oss tilbake til Benedikte si leilighet for sofaslanging og småprat ut i dei små timar...

Neste morgon starta vi relativt tidleg, i strålande sol (sjølv om vi var i Bergen) og målet for dagen var Norli Bokhandel si internasjonale avdeling!
Denne bokhandelen har 2 butikkar, ein på kvar side av gågata, og vi la kursen mot der kjentkvinne Benedikte meinte sjansen for å finne noko var størst..
Har eg forresten tidlegare nemnt kor fasinert eg er av bokhandlar? Jo større, jo betre, og her strakte herlegdomen seg over fleire etasjar! Store hyller med kokebøker, masse faglitteratur om alt mellom himmel og jord, samlingar frå Shakespeare og Jane Austen, vakkert innbunde og ei pryd for kvart eit bibliotek.. Kor eg enn snudde meg var det noko eg ville ha! Men etter ei viss tid, rista unge Benedikte meg ut av drøymeria, og fekk meg til å hugse kvifor vi var der: Livre de Francais! Eller franske bøker (trur eg må få meg undertekstar, slik som eg blandar språk til tider..).
Etter å ha fått det vi meinte var eit bra overblikk over den avdelinga vi var i, og ikkje fann verken fransk skjønnlitteratur eller grammatikkboka eg så desperat treng, kryssa vi gata til neste avdeling. Der forsvann målrettinga mi nok ein gong.. Kunstbøker, bøker om musikk, notar, biografiar.. Sikle! Takk og pris for min gode ven, som nok ein gong tok ansvar, tørka siklet av haka mi og drog meg i retning av språkbøkene. Sidan ho i tillegg underviser i språk, nytta eg meg av fagkunnskapen hennar, og i samarbeid fann vi ein prima fransk grammatikk, med arbeidsbok og spesielt fokus på forskjellane mellom norsk og fransk. Fabelaktig! Men eit par skjønnlitterære treningsobjekt, hadde vi stadig til gode å finne.. Så vi spurde damene bak disken, og sprudlande og smilande henviste dei oss til den butikken vi allereie hadde vore i!
Jaja, tenkte vi, då burde vi kanskje ha teke på oss brillene i dag likevel... Vi vandra ned trappene, og sidan Benedikte er på jakt etter ei spesialutgåve av TP som ho ikkje finn nokon plass, tok vi ein ekstra etasje ned til spelavdelinga. Det eg ikkje var forberedt på, var at der var det endå fleire kokebøker!
Eg vart kjapt overfalt av "Det Franske Kjøkken - en reise for matelskere", som faktisk nekta å sleppe handa mi.. Og sidan den var merka med "Superpris 199,-" gjorde eg kanskje ikkje så veldig motstand, då den praktisk talt hoppa ned i posen min, og la seg godt til rette saman med grammatikkbøkene (sjølvsagt etter at eg hadde betalt, då...).
Men det var den skjønnlitteraturen.. Vi tok på nytt turen over gata, og sidan vi no visste at dei skulle vere her ein plass, fann Benedikte straks hylla med franske bøker. Og der fann eg Jules Verne på originalspråket! I paperback, slik at eg hadde råd til to! "De la Terre à la Lune" og "Cinq semaines en ballon" vart med meg heim. Men då var no unge mademoiselle Olsbø blakk..

Heldigvis var billetten heim både bestilt og betalt, så eg og Benedikte kosa oss med spasertur til Bergenshus Festning (der vi skal sjå Leonard Cohen i august, rett etter at eg kjem heim frå France), besøkte diverse galleri på Bryggen, sat ein time på ein parkbenk i sola og diskuterte alt mellom himmel og jord (det er herleg å vere både så like og så forskjellige.. Vi får alltid så gode diskusjonar, med respekt for kvarandre sine synspunkt, og om vi ikkje blir einige, så kan vi einast om å vere ueinige, gje kvarandre ein klem, og fortsette å nyte sola...).
Så titta vi på klokka, og fann ut at med gode 45 min til båten gjekk, hadde vi tid å sjå innom nokre morosame butikkar, sjølv om lommeboka ikkje tillot dei store utskeielsane.. Men sidan Benedikte nett har kjøpt leilighet saman med sin kjære Håkon, og har litt møblering å ta seg av, er det jo greit å få ei lita oversikt over kva som fins der ute! Så vi arbeida oss bortigjennom, såg og spekulerte, og kom til slutt bort til krysset der vi anten kunne gå vidare opp gata, eller bort til kaia der eg skulle ta båten. Benedikte sjekka klokka, eg såg kor ho kvitna, og ho spurde meg "Når var det den båten gjekk att?" "16.30" "Det er det klokka er no!" Vi la på sprang, eg slengde nøkkelen til oppbevaringsskapet mitt på terminalen til Benedikte (som sprang igjennom terminalen for å røske med seg bagen min), og eg spurta for berre livet langs sjøsida av terminalen, for å prøve å få stoppa båten.. Eg kom fram til kaia akkurat i tide til å sjå Måløy-båten bakke ut frå kaia, og forsvinne i det fjerne...
 Orda som deretter kom ut or munnen min skal av omsyn til din sjelefred, kjære lesar, ikkje takast opp att her..


Men kven seier at den siste gentleman er død?!
Karane på båten som skulle til Sogn, og som eigentleg òg hadde lagt frå, la til kai att, fekk meg om bord, ringte opp til Måløy-båten og fekk meg på rett båt ved første stopp begge la til på..
Så takka vere deira innsats, kunne eg i går kveld setje meg i eigen sofa, med eit lite glas kvitvin og pakke ut innkjøpa mine. Blakk som ein fjording, men endeleg hadde eg i hende fransk grammatikk, 2 Jules Verne-bøker, ei stor bok om fransk mat og (takka vere Benedikte som har hatt sommarjobb på turistinformasjonen i Bergen) 2 brosjyrer om fjord-Noreg på fransk, for dei dagane eg vil øve meg litt, men ikkje tør meg på ei heil bok..

Takk for ein strålande dag, Benedikte, men neste gong trur eg vi bereknar LITT betre tid på båten.. :)

mandag 23. april 2012

På jakt..

Sidan Narvesen tidt og ofte reklamerar med at dei er dei beste på blad, tenkte eg i mitt enfold at der var plassen å gå for å finne eit fransk blad av eit eller anna slag.. Håpet er jo lysegrønt og så vidare..

Eg har nemleg lest "Eat, Pray, Love" (sånn rundt rekna ørtifire gonger), og hovudpersonen der, i sin kamp for å beherske italiensk, kjøpte ei italiensk avis (rett nok mens ho faktisk var i Italia) og kjempa seg igjennom minst ein artikkel for dag, ved hjelp av ordboka. Dette virkar på meg som ein ganske smart måte å få inn språket på, så etter jobb i dag bega eg meg til Narvesen, der eg rekna med å kunne velge på øverste hylle. I overført betydning, sjølvsagt, då øverste hylle der er forbeholdt blad for eit litt meir vaksent publikum.. (Ikkje at eg er barnsleg, eg er berre så veldig ung til sinns!) Men den gang ei.. Fann ovsleg med engelske, tyske og svenske blad, eit på spansk var faktisk òg å oppdrive, men på fransk var der berre eit einsleg lite interiørblad. Då eg nettopp er ferdig med å pusse opp mi vesle (sterkt hippie-inspirerte) leilighet, følte eg ikkje trangen til å lese om chice små Paris-leiligheter, det hadde nok berre kasta meg inn i nye målingsprosjekter og økonomisk ruin.. (Og sjølv om eg har dei beste husvertane i verda, trur eg kanskje sjølv dei hadde sett ned foten om eg fann det for godt å pusse opp forandre gong i løpet av knappe 9 månadar..)

Derfor har eg tankar om å vere om meg neste helg, då eg tek meg ein liten ekskursjon i retning Bergen, for å besøke ei av mine aller eldste venninner! Rett nok er Benedikte, som vesenet heiter, eit år yngre enn meg, men vi har vel faktisk kjent kvarandre i over 20 år.. (Merde, no følte eg meg gammal...)
Faktisk heilt sidan vi var så små:
Legg merke til dei fabelaktige joggedressane.. Jepp, dette var 80-talet på sitt beste...

However, regnar med at min gamle ven kan geleide meg i retning av ein meir velassortert bladhaukar, og kanskje gje meg nokre tips med på vegen, då ho underviser både i engelsk og spansk. Fransk er jo berre eit lite hopp over grensa? Skjønt, når ein ser kva misforståelsar som kan oppstå mellom oss og svenskar...
Ein svensk bekjent kunne ikkje heilt skjøne kvifor folk såg så rart på ho då ho sa ho hadde "vært hemma og stedat og pulat lite".. Ho meinte jo at ho hadde rydda og pusla litt, men vi nordmenn syns kanskje ho var litt vel open om privatlivet..

Vel, som sagt, håpet er vårgrønt, sola skin, og god tru og store sko har hjulpe så mang ein idiot. Trur dette skal gå bra, eg!

lørdag 21. april 2012

Une Soirée Mémorable

I går var kvelden for min franske aften, og eg synes det vart ein ubetinga suksess!
Flott kveld, godt selskap og fabelaktig humør all around :) Men la oss begynne med byrjinga..

Aldri har det svarte holet som oppstår kvar fredag og får tida fram til jobbslutt til å gå saaaakte oppstått tidlegare enn i går! Allereie før lunsj hadde nokon helt sirup i urverket, men på ein eller annan måte vart klokka halv 4, og vi kom oss heim..
Sidan eg allereie hadde laga hovudretten, trengte eg berre å gå heim, legge siste hand på pyntinga og hoppe inn i la petit noir.
Sjølv ikkje Jimi-pus slapp unna å bli pynta

Meg og Jimi klare for kvelden
Åse Berit med velkomstdrinken i hand
Åse Berit var på plass allereie halv 6, og før matserveringa 7 hadde alle godjentene innfunne seg.
Eg serverte musserade velkomstdrinkar, og forvventninga steig etter kvart som matlukta fylte leiligheta og magane murra.
Alle jentene mine! Frå venstre: Annette, Åse Berit, Hanne, Bente og Linn
Bouef Bourguignon kom på bordet, og ei stund var dei einaste lydane mellom oss vanlegvis så vokale damene "Mmmm", "Nydeleg" og "Herleg mat, Unni!". Sjølv Hanne, som vanlegvis ikkje likar raudvinssaus, og Bente, som ikkje likar sopp, naut maten, og eg voks fleire cm for kvar kommentar. Herleg når noko ein har jobba med blir sett så stor pris på! Hadde kanskje beregna litt knapt då, etter at vi alle var forsynt var der omtrent 4 brokkolibukettar og ei ause saus att..
Men så var det over på desserten, sjokoladesuffle!

Eg var litt nervøs for den, ein kan ikkje forberede sånt på førehand, og eg har aldri laga det før.
Etter å ha smelta 1 1/2 plate sjokolade medan mikseren piska 6 eggekviter stive, blanda eg eggeplommene, 75 g sukker og sjokoladen. Så vendte eg forsiktig inn dei stive eggekvitene, og fordelte i 6 former, som eg hadde smurt og hatt sukker i. Deretter var det inn i omnen for eit kvarter, og eg tok eit glas vin på altanen, medane eg kryssa fingrane og håpa at dei heva seg!
Sannhetens augneblikk

Då eg tok dei ut av omnen, hadde jentene benka seg rundt bordet igjen, og snuste inn sjokoladelukta. Eg hadde helde eit auge med omnen, og sett at dei heva seg, men frykta at dei ville kollapse med ein gong eg tok dei ut.
Men nei! Dei heldt seg høge og fine, og eg flytta formene kjapt over på fat for servering. Nok ein braksuksess! Eg kunne puste letta ut..



Så var tida inne for frukt, ost og kjeks, og vin, øl og brus, alt etter kva folk likte. Dessverre måtte Annette forlate oss etter maten, men det tek vi att neste gang! Praten gjekk livleg rundt bordet, og magemusklane til samtlege fekk trimma seg temmeleg ettertrykkeleg, ettersom eine latterkula avløyste hi.. 
Kort sagt, ein herleg kveld!
Vertinna pustar letta ut med eit lite glas vin..


 Litt ut på kvelden bestemte vi oss for å ta turen til næraste uteplass, der vi slappa av med nokre drinkar, og praten gjekk vidare ut i dei små timar. 
Ein er aldri fattig om ein har gode vener, og sannelig kjenner eg kor rik eg er etter slik ein kveld!
Merci, mes amies!








torsdag 19. april 2012

Soga om Boeuf Bourguignon

Då har eg faktisk for første gong i mitt liv, laga Boeuf Bourguignon!
Ikkje var det så vanskelig som eg hadde trudd heller, berre fryktelig mange omgongar å gjere ting i..
Først måtte ein brune bacon og svor i olje, så brune kjøttet i same oljen, so brune grønnsakene, og deretter heller ein i ei flaske vin..

 
Midtvegs i kjøtbruninga. Hugs å tørke kjøtet først, eller så blir det ikkje skikkelig brunt!

I love cooking with wine, sometimes I even put it in the food!

Deretter skal alt sammen putre i 3 timar, mens godlukta brer seg i huset, og ein stakkar kan gå heilt frå vetet.
Mens dette putrar må ein brassere sølvløken og sautere soppen, og til slutt må ein sile av kjøtet, redusere sausen, dandere løken og soppen over, og når sausen er tjukk nok heller ein den over. Oppskrifta finn ein her: http://cooking.knopfdoubleday.com/2009/07/13/julia-childs-boeuf-bourguignon-recipe/
Løkbrassering med krydderbukett

Det som slo meg, medan eg stod der og kjempa meg oppskrifta, er at her har vi ei originalt fransk oppskrift, med metriske mål og europeiske råvarer, som Julia Child i si tid brukte evigheter på å omsette til amerikanske mål, og så sit eg her, og bannar mens eg prøvar å omsette den tilbake! Mistenke eg kunne spart meg litt på å berre finne den på fransk.. Men det språket beherskar eg nok enno ikkje så godt at eg tør meg på kulinariske utskeielsar med berre det som hjelpemiddel!

I morgon, mens gjestene er her, skal eg gjere mitt første forsøk på sjokoladesufflè! Har høyrt det skal vere vanskelig, og må sei at eg lurar litt på kva eg har teke på meg... I verste fall får dei ete sjokoladerøre!
Full rapport med bilder kjem ein eller annan gong på laurdag, alt etter når oppvasken er teken og hovudet mitt klarar å formulere fornuftige setningar...

Uansett, de har sett klientellet, de veit menyen.. Dette har alt potensiale til å bli ein kjempekveld!
Gledar meg!