fredag 8. juni 2012

L'été est de retour!

I skrivande stund sit eg og ser utover masse blått!
Blå himmel og blått hav, noko som er ein relativt uvanleg kombinasjon her på Vestlandet. Det går mykje i grått med enkelte kvite innslag, sjølv no på den årstida vi har høyrt rykter om at dei har sommar på Austlandet.. Difor må dette nytast så godt som råd!

Skulle gjerne ha tatt meg ei liten slurk med noko fransk og kaldt på verandaen, men trur helga skal brukast til mykje meir nyttig! Min helgenerklærte husvert har nemleg gjett unge mademoiselle eit lite budsjett for ordnings av hageflekken utanfor døra mi, og motivasjonen til å få gjort noko er stadig stigande!
Kirsebærtre og stauder ligg i korta, men først har eg og husvert Irene eit lite prosjekt på gong: vi skal mure! Det har seg nemleg slik at den flekken vi tek føre oss no ikkje kan gjerast noko særleg med før vi har fått ein god mur til å halde jorda på plass, og husvert sin kjære samboar såg seg ikkje i syne med å prøve seg på slike utskeielsar. Då såg eg på Irene og Irene såg på meg, og så kom vi fram til at om vi berre stakk våre blonde hovud saman, skulle vel ikkje dette by på noko problem? Kva kan gå gale?
Nøyaktig kva som gjekk gale skal eg nok vite å klage høglytt over når den tid kjem, men foreløbig er tonen optimistisk, og vi går i gong med ein song i hjartet og sola i ryggen.
Ønsk meg lykke til! :)

tirsdag 5. juni 2012

Farvel, mai, du skjønne milde..

Då var mai ettertrykkeleg over..
Same med den deilige varmeperioden som drog meg og Friskus ut på tur etter jobb, og førte til generell lykksalighet i heimen så òg på kontoret. I natt var det vårlege 4 grader, og den langerma pysjen og den ekstra store tekoppen er tilbake frå innerst i skapet!

Likevel kom energien over meg (slapp av, dette er nok eit heilt forbigåande fenomen), og eg spratt opp og ut i regnet for ein rundtur i trimløypa! Jepp, Friskus Nytun, du har smitta meg! Og medan eg tasla der i regnet med ZZ Top på øyret og relativt godt driv oppover bakkane slo det meg: det er eigentleg ganske deilig å få stumpen ut av sofaen og nasa ut av bøkene for ein gongs skuld!
I det siste har både blogging og trening lede under kombinasjonen skulebøker og til tider hyperaktivt sosialt liv, og det å tøme hovudet og få litt frisk luft i lungene gjorde underverk! Rett nok oppdaga eg på turen at skikkeleg tungt sommarregn tydelegvis er mykje våtare enn oktober/novembervarianten, men det kan vel kanskje ha noko med at ein er litt meir mentalt forberedt på det då.. Kvart einaste plagg eg hadde på meg måtte iallfall vriast då eg kom heim,men då kunne eg ta fatt på bøkene med litt meir entusiasme enn eg har klart å oppdrive i det siste.

Av sosiale høgdepunkt må eg nemne champagneaften med nokre kollegaar på torsdag, der vi feira gode nyheter eg ikkje skal utbrodere meir her, og overraskelsesfesten i anledning Annette sin bursdag!
Ho vart 25 (-ish) på fredag 1. juni, og vart litt smådeppa då ingen kunne vere med ho å feire.. Lite visste ho då at fleire av hennar næraste vener og ektemannen over fleire månadar hadde samansverga seg bak hennar rygg for å gje ho ei feiring ho aldri skulle gløyme!
Så mellom 19.00 og 19.30 seig vi til den leigde sjøbuda, og håpa ingen (altså Annette) såg oss..
19.45 tikka meldinga inn frå ektemannen: "No køyrer vi!". Då gjekk alle gjestene like godt ut, tok kvarandre i henden og stansa bilen, der ei sjokkskadd Annette (som trudde ho skulle på restaurant og ete middag) vart sungen bursdagssong for, og klemt etter alle kunstens reglar.
Dessverre låg kameraet mitt nederst i veska for denne seansen, og der holdt det seg dessverre heile kvelden, så, kjære lesar, du får berre prøve å forestille deg.
Utan å overdrive det minste kan eg beskrive kvelden som ein strålande suksess frå ende til annan! Vi åt, drakk, song, drakk, Annette opna pakkar, vi drakk, vi hadde selskapsleikar, og så tok vi like godt ein liten drink etterpå.. Ingen eg har snakka med er heilt sikre på når vi tok kveld, Hanne tippar på rundt 02.00, eg er ikkje sånn veldig uenig, så vi går for den!
Ein herleg kveld, men ingenting overgjekk den gleda Annette la for dagen då sjokket gjekk over, og kor artig det var å kunne overraske ei så flott dame sånn! Gratulerer med overstått, jenta mi!
Det er ikkje bursdag utan krune til bursdagsbarnet!      



Trur eg kan love å oppdatere bloggen oftare no, sidan sola har teke sommarferie, og det har ikkje eg..
Innmellom mine djupdykk i bøkene, skal eg nok finne ei stund til litt småskravling i skrifteleg form!
Kan rett nok ikkje love at alt er like relevant for Frankrike-turen, då...
Au revoir!

torsdag 24. mai 2012

Å Vestland, Vestland!

Merkeleg med dette, hyppigheta i mine bloggoppdateringar vert sterkt påverka av vêret!
No må vi ha vore skikkeleg snille, sidan det no i slutten av mai er eit opphald i den vanlege syndefloden, og vi vert vekkskjemde med sol og varme..

Dette kan jo ikkje kastast vekk, så Friskus Nytun og eg har vore hyppige å sjå i skog og mark.
I går tok vi på nytt turen til Skongsnes fyr, og der var om mogeleg endå finare enn sist!




På turen fram tok vi den vanlege løypa over fjellet, men på tilbakevegen fann vi ut at vi trengde nye utfordringar.
Difor tok vi fjøra tilbake, og der var ein del klatring og bruk av nye og ukjende musklar! Etter ei stund kom vi fram til Skongsneshellaren. Ganske imponerande å sjå kva naturkreftene kan gjere!
Åse Berit inne i hellaren, i kjent positur med kamera..

...for å få omtrent dette biletet.

Etter ein kjapp fotosession gjekk, klatra, kraup og kleiv vi vidare, og innimellom trur eg til og med vi var innom råsa! Turen munna ut på Halsørsanden/Sætresanden (kjært barn osb), og når vi nådde målet var vi ikkje seine om å få av oss våte fjellsko og vasse uti. Ja, vatnet var litt kaldt, men sanneleg gjorde det godt for slitne bein! Faktisk så godt at eg fall for freistinga å dyppe meg litt.. (Vatnet var framleis litt kaldt...)

Åse Berit har sjølvsagt òg skreve ein epistel, med fleire bilder og nerdefakta. Den finn du her: http://friskusnytun.blogspot.com/2012/05/skongsneshellaren-og-andre-oppdagingar.html

Men hadde vi fått nok av fjellet for veka då? Neida!
Sidan vi allereie har besigra Synnevahornet og Brurahornet, syns vi at vi måtte ha eit tredje horn for å få eit høveleg tal på det. Derfor tok vi fjellsko og sekk på i dag òg, og sette kursen mot Børahornet. Herleg tur! Passeleg fønvind heldt solsteika på eit behageleg nivå, utsikta vart finare for kvart steg, og ikkje visste vi ordet av det før vi var framme.
Ein gong sekretær, alltid sekretær.. Sjølv på fjellet!
Fleire bilder og nerdefakta her: http://friskusnytun.blogspot.com/2012/05/brahornet.html

Med slike friskustakter og eit berg av lovdata å setje meg inn i, må eg nok heilt ærleg innrømme at den franske grammatikken har lege litt brakk siste veka.. Men med slikt nydeleg vêr, som eg sikkert ikkje ser maken til før eg faktisk er i Frankrike, har eg bevilga meg sjølv ein liten lesepause!
Det skal jo først og fremst vere moro, og ikkje endå ein ting på den alltid veksande to-do-lista..

Difor, mes amies, skal eg no tasle i retning køya med den fasinerande boka "Rettigheter og plikter ved sykdom, svangerskap, fødsel og adopsjon" og sjå om litt trygdebestemmelsar finn vegen inn i hjernen!
Og de av mine vener som kjem inn under mitt område, kan de vere så snille å ikkje vere sjuke meir enn 16 dagar i slengen og helst ikkje få så masse ungar? Blir sånn inderleg papirarbeid av slikt! ;)

lørdag 12. mai 2012

Résumé de Semaine

Pardon, leeeenge sidan sist blogginnlegg!
Dette har nok mest å gjere med at eg har dreve med fint lite franskrelaterte greier siste veka, men så bekymringa ikkje skal bli for stor, kan eg heller ta ei kjapp oppsummering av aktivitetane:

Fredag 4.mai: Synnevahornet i snøstorm!
Denne har sjølvsagt Friskus Nytun blogga om, så den kan de lese om her: http://friskusnytun.blogspot.com/2012/05/sunnivahornet-friskus-og-helseguru-pa.html
På toppen av Synnevahornet, 689 m.o.h. Vi var veldig stolte av oss sjølve!

Laurdag 5. mai: Hanne sin bursdag!
Kanapear vart tilverka, eg smatt inn i min nye, knallorange kjole, og opna kvitvinen.. Meget triveleg kveld!
Bursdagsbarnet, med eit stadig tomare glas av Unni sin patentpunsj..

Åse Berit, Linn og meg i stråååålande form!

Søndag: Zzzzzzzz....
Måndag: Kor
Tysdag: Trening (le figure trés chic igjen!)
Onsdag: Lide for treninga (gongsperre.. Au!)
 Torsdag: Brurahornet i strålande sol (WTF?!)
Ut på tur, aldri sur! 

 Og denne turen har sjølvsagt Åse Berit dekka her http://friskusnytun.blogspot.com/2012/05/brurahornet-og-gottrysa.html.

Fredag: Terapeutisk inntak av ting i stetteglas
Laurdag: Angre på at eg sa ja til å hjelpe til i konfirmasjon, og dermed måtte slepe lekamen opp av senga i rimeleg tid for borddekking og pynting av bedehus. Men det gikk jo så fint, berre eg kom i gong!

Og i morgon er då dagen for sjølve konfirmasjonen til Lise-Mari, dottera til min kollega Ellen, og eg skal ta på meg mi fabelantiastiske (jepp, klarte ikkje å velge mellom fabelaktig og fantastisk..) kystdrakt, og vere tenande ånd i nokre timar.

Så der har vi det, ei veke i Unni sitt fasinerande liv, når eg ikkje driv med noko som ein gong er fjernt relatert til språkreisa i august, unnateke grammatikkpugging i ledige stunder.
Men er jo grenser for kor ofte eg kan klage over sære franske grammatikkreglar før du går frå vetet, kjære lesar! :)

torsdag 3. mai 2012

Une élève très dilligent!

I går måtte stakkars Unni utføre sine korplikter med noko mindre glede enn vanleg..
Den årlege basaren er i gang, og å bruke mine hardt oppsparte avspaseringtimar på å sitje basarvakt var ikkje heilt det eg hadde i tankane! Men eg bevæpna meg med fransk grammatikk og språklære, og fekk 3 timar nesten uforstyrra pugging av bestemmerar og kjønnsbestemte artiklar!

Oppdregen i den tid der kvinner og menn skal vere tilnærma like, kan det jo vere litt trøblete å innsjå at ei kvinne ikkje kan vere "le" om ho så ynskjer, og kven skal hindre meg i å bruke "la" om ein mann? Franske grammatikkreglar, that's who...
Men trur kanskje det synk inn snart, er jo ikkje så mange sære, uregelrette verb og underlege sakjer som i norsk (og då særleg nynorsk, som er eit kasusspråk, men som eg etter snart 30 års trening kjenner eg beherskar ganske grett ;)
Les Fracaises si snåle innputting av artiklar som annakvart ord, og desse aksentteikna over tredjekvar bokstav skal vel òg gå greit, så lenge eg klarar å lære meg forskjellen på `og ´..

Vel, det får halde med grammatisk klagesong for i dag, helga nærmar seg med stormskritt!
Eller som eg og Åse Berit seier kvar onsdag etter lunsj: det er jo pratisk talt helg!
Derfor tenkjer eg ei lita polferd seinare, kanskje med eit litt sprudlande tema, sidan det jo er dobbel bursdagfeiring på laurdag..
Stor bildereportasje til helga! Sjå kjolane, sjå bildene!
(Sjå dansing på bordet og diverse anna utilrådeleg åtferd... Neida, mamma, vi skal vere så snille at..)

tirsdag 1. mai 2012

Beucoup de Livre!

Vel heime etter Bergensturen, og sanneleg har eg fått kvalitetstid med mi kjære venninne!
Eg hadde ikkje vore i byen meir enn 15 min, før eg vart leia ut i freisting, og inn på Pastasentralen.. Der la eg dietten på hylla for middagen, som bestod av nydeleg blåskjellspasta med kvitvinssaus.. Nam!
Men vi var flinke etter middag, handla inn grønnsaker og yoghurt til snacks, og trakk oss tilbake til Benedikte si leilighet for sofaslanging og småprat ut i dei små timar...

Neste morgon starta vi relativt tidleg, i strålande sol (sjølv om vi var i Bergen) og målet for dagen var Norli Bokhandel si internasjonale avdeling!
Denne bokhandelen har 2 butikkar, ein på kvar side av gågata, og vi la kursen mot der kjentkvinne Benedikte meinte sjansen for å finne noko var størst..
Har eg forresten tidlegare nemnt kor fasinert eg er av bokhandlar? Jo større, jo betre, og her strakte herlegdomen seg over fleire etasjar! Store hyller med kokebøker, masse faglitteratur om alt mellom himmel og jord, samlingar frå Shakespeare og Jane Austen, vakkert innbunde og ei pryd for kvart eit bibliotek.. Kor eg enn snudde meg var det noko eg ville ha! Men etter ei viss tid, rista unge Benedikte meg ut av drøymeria, og fekk meg til å hugse kvifor vi var der: Livre de Francais! Eller franske bøker (trur eg må få meg undertekstar, slik som eg blandar språk til tider..).
Etter å ha fått det vi meinte var eit bra overblikk over den avdelinga vi var i, og ikkje fann verken fransk skjønnlitteratur eller grammatikkboka eg så desperat treng, kryssa vi gata til neste avdeling. Der forsvann målrettinga mi nok ein gong.. Kunstbøker, bøker om musikk, notar, biografiar.. Sikle! Takk og pris for min gode ven, som nok ein gong tok ansvar, tørka siklet av haka mi og drog meg i retning av språkbøkene. Sidan ho i tillegg underviser i språk, nytta eg meg av fagkunnskapen hennar, og i samarbeid fann vi ein prima fransk grammatikk, med arbeidsbok og spesielt fokus på forskjellane mellom norsk og fransk. Fabelaktig! Men eit par skjønnlitterære treningsobjekt, hadde vi stadig til gode å finne.. Så vi spurde damene bak disken, og sprudlande og smilande henviste dei oss til den butikken vi allereie hadde vore i!
Jaja, tenkte vi, då burde vi kanskje ha teke på oss brillene i dag likevel... Vi vandra ned trappene, og sidan Benedikte er på jakt etter ei spesialutgåve av TP som ho ikkje finn nokon plass, tok vi ein ekstra etasje ned til spelavdelinga. Det eg ikkje var forberedt på, var at der var det endå fleire kokebøker!
Eg vart kjapt overfalt av "Det Franske Kjøkken - en reise for matelskere", som faktisk nekta å sleppe handa mi.. Og sidan den var merka med "Superpris 199,-" gjorde eg kanskje ikkje så veldig motstand, då den praktisk talt hoppa ned i posen min, og la seg godt til rette saman med grammatikkbøkene (sjølvsagt etter at eg hadde betalt, då...).
Men det var den skjønnlitteraturen.. Vi tok på nytt turen over gata, og sidan vi no visste at dei skulle vere her ein plass, fann Benedikte straks hylla med franske bøker. Og der fann eg Jules Verne på originalspråket! I paperback, slik at eg hadde råd til to! "De la Terre à la Lune" og "Cinq semaines en ballon" vart med meg heim. Men då var no unge mademoiselle Olsbø blakk..

Heldigvis var billetten heim både bestilt og betalt, så eg og Benedikte kosa oss med spasertur til Bergenshus Festning (der vi skal sjå Leonard Cohen i august, rett etter at eg kjem heim frå France), besøkte diverse galleri på Bryggen, sat ein time på ein parkbenk i sola og diskuterte alt mellom himmel og jord (det er herleg å vere både så like og så forskjellige.. Vi får alltid så gode diskusjonar, med respekt for kvarandre sine synspunkt, og om vi ikkje blir einige, så kan vi einast om å vere ueinige, gje kvarandre ein klem, og fortsette å nyte sola...).
Så titta vi på klokka, og fann ut at med gode 45 min til båten gjekk, hadde vi tid å sjå innom nokre morosame butikkar, sjølv om lommeboka ikkje tillot dei store utskeielsane.. Men sidan Benedikte nett har kjøpt leilighet saman med sin kjære Håkon, og har litt møblering å ta seg av, er det jo greit å få ei lita oversikt over kva som fins der ute! Så vi arbeida oss bortigjennom, såg og spekulerte, og kom til slutt bort til krysset der vi anten kunne gå vidare opp gata, eller bort til kaia der eg skulle ta båten. Benedikte sjekka klokka, eg såg kor ho kvitna, og ho spurde meg "Når var det den båten gjekk att?" "16.30" "Det er det klokka er no!" Vi la på sprang, eg slengde nøkkelen til oppbevaringsskapet mitt på terminalen til Benedikte (som sprang igjennom terminalen for å røske med seg bagen min), og eg spurta for berre livet langs sjøsida av terminalen, for å prøve å få stoppa båten.. Eg kom fram til kaia akkurat i tide til å sjå Måløy-båten bakke ut frå kaia, og forsvinne i det fjerne...
 Orda som deretter kom ut or munnen min skal av omsyn til din sjelefred, kjære lesar, ikkje takast opp att her..


Men kven seier at den siste gentleman er død?!
Karane på båten som skulle til Sogn, og som eigentleg òg hadde lagt frå, la til kai att, fekk meg om bord, ringte opp til Måløy-båten og fekk meg på rett båt ved første stopp begge la til på..
Så takka vere deira innsats, kunne eg i går kveld setje meg i eigen sofa, med eit lite glas kvitvin og pakke ut innkjøpa mine. Blakk som ein fjording, men endeleg hadde eg i hende fransk grammatikk, 2 Jules Verne-bøker, ei stor bok om fransk mat og (takka vere Benedikte som har hatt sommarjobb på turistinformasjonen i Bergen) 2 brosjyrer om fjord-Noreg på fransk, for dei dagane eg vil øve meg litt, men ikkje tør meg på ei heil bok..

Takk for ein strålande dag, Benedikte, men neste gong trur eg vi bereknar LITT betre tid på båten.. :)

mandag 23. april 2012

På jakt..

Sidan Narvesen tidt og ofte reklamerar med at dei er dei beste på blad, tenkte eg i mitt enfold at der var plassen å gå for å finne eit fransk blad av eit eller anna slag.. Håpet er jo lysegrønt og så vidare..

Eg har nemleg lest "Eat, Pray, Love" (sånn rundt rekna ørtifire gonger), og hovudpersonen der, i sin kamp for å beherske italiensk, kjøpte ei italiensk avis (rett nok mens ho faktisk var i Italia) og kjempa seg igjennom minst ein artikkel for dag, ved hjelp av ordboka. Dette virkar på meg som ein ganske smart måte å få inn språket på, så etter jobb i dag bega eg meg til Narvesen, der eg rekna med å kunne velge på øverste hylle. I overført betydning, sjølvsagt, då øverste hylle der er forbeholdt blad for eit litt meir vaksent publikum.. (Ikkje at eg er barnsleg, eg er berre så veldig ung til sinns!) Men den gang ei.. Fann ovsleg med engelske, tyske og svenske blad, eit på spansk var faktisk òg å oppdrive, men på fransk var der berre eit einsleg lite interiørblad. Då eg nettopp er ferdig med å pusse opp mi vesle (sterkt hippie-inspirerte) leilighet, følte eg ikkje trangen til å lese om chice små Paris-leiligheter, det hadde nok berre kasta meg inn i nye målingsprosjekter og økonomisk ruin.. (Og sjølv om eg har dei beste husvertane i verda, trur eg kanskje sjølv dei hadde sett ned foten om eg fann det for godt å pusse opp forandre gong i løpet av knappe 9 månadar..)

Derfor har eg tankar om å vere om meg neste helg, då eg tek meg ein liten ekskursjon i retning Bergen, for å besøke ei av mine aller eldste venninner! Rett nok er Benedikte, som vesenet heiter, eit år yngre enn meg, men vi har vel faktisk kjent kvarandre i over 20 år.. (Merde, no følte eg meg gammal...)
Faktisk heilt sidan vi var så små:
Legg merke til dei fabelaktige joggedressane.. Jepp, dette var 80-talet på sitt beste...

However, regnar med at min gamle ven kan geleide meg i retning av ein meir velassortert bladhaukar, og kanskje gje meg nokre tips med på vegen, då ho underviser både i engelsk og spansk. Fransk er jo berre eit lite hopp over grensa? Skjønt, når ein ser kva misforståelsar som kan oppstå mellom oss og svenskar...
Ein svensk bekjent kunne ikkje heilt skjøne kvifor folk såg så rart på ho då ho sa ho hadde "vært hemma og stedat og pulat lite".. Ho meinte jo at ho hadde rydda og pusla litt, men vi nordmenn syns kanskje ho var litt vel open om privatlivet..

Vel, som sagt, håpet er vårgrønt, sola skin, og god tru og store sko har hjulpe så mang ein idiot. Trur dette skal gå bra, eg!