tirsdag 31. juli 2012

Ok, greit, så vart det ikkje meir blogging forrige helg..
Men slik er det med vellykka arrangement, dei gir berre ikkje tid til
overs, slik at ein stakkar kan få blogga om dei!
 
Skal vi sjå.. Siste eg lot høyre frå meg var eg vel nett ferdig med
sorbeten, og hadde steikt husvert sin bær-mose-ting. Dette forgjekk seg på
ein onsdag, og neste dag, torsdag, sette eg i gong med alt anna som skulle
gjerast i anledning middagen!
Brød vart baka, ytrefileten vart bruna, og fyllet til Filet Bouef de Coutrè
vart tilverka.
Dette gjorde eg ganske lett ved å brune løk og sopp i steikefettet etter
kjøtet, og putte oppi fløyte og raudvin.
Løksuppa vart kokt, og raudvinssausen vart gjort klar.
Då eg sette meg ned etter endt dyst, var klokka 21.06 på kvelden, og
kjøkenet fullt av velduftande ting!
Bøddeigen hevar, kjøtet, kjøler og fyllet godgjer seg.. Multitasking!

Og her ser vi dei viktige prioriteringane når Unni lagar mat: raudvin, kvitvin og pepper!
 
Fredag var dagen då alt skulle passe saman!
Eg kom heim frå jobb, og heiv meg i monteringa. Kjøt og fyll vart surra inn
i butterdeig, og sett til kjøling som anbefalt i oppskrifta.
Eg mosa squash til suffleane, skilte egg og putta alt i små skåler slik at
det berre var å røre det saman seinare, utan at kjolen tok for mykje skade
av det.
Så såg eg på klokka… I meldinga eg hadde sendt ut tidlegare på dagen hadde
eg sagt at eg opna dørene 18.00, og no var ho 17.55!
Heldigvis hang kjolen klar og eg var nyspylt, så det var berre å dyppe
ansiktet i krigsmåling og snike seg inn i den blå stroppelause. Ja, eg
svikta le petit noir, men den kongeblå saken er nok ganske fransk den òg?
 
Notorisk presise Åse Berit ankom heldigvis (og ganske utypisk) ikkje før
18.15, og då hadde eg fått ned pulsen og sat på terassen med eit lite glas.
Linn kom ikkje lenge etterpå, og då var det fram med Pinken! Dessverre
ikkje fransk, men altfor god til at vi kan ha eit samkome utan
Bente kom òg ramlande ned trappa, og vart tvangskosa av Jimi før ho ein
gong hadde fått plassert stumpen i stolen. ”The itty bitty
welcoming-comittee” hadde sluppe sløyfa denne gongen, grunna tidspress, men
var likevel klar for action.
 
Sidan Annette måtte melde avbud (stakkar sjuke jenta) og Hanne måtte jobbe
til 21.00, sette vi oss for første bordsetet, og eg oppdaga at eg kanskje
skulle venta med å jevne løksuppa til eg varma den opp for servering.. Den
hadde blitt litt gele-aktig, men trur eg fekk berga den med rikelige
mengder vatn og vin, og brutal visping.. Smaken vart iallfall godkjent, og
då Hanne fekk smake litt seinare på kvelden, meinte ho på at den ikkje stod
det minste tilbake for den kokkeskulen laga då ho gjekk der. Puh!
Vi går til angrep på suppen..
 
Mens vi naut suppe, heva squashsufflane seg i omnen.. Og dei vart like høge
som forrige gong! Smaken var dessverre temmeleg svak, og eg har lært at
salt og pepper knapt kan overdrivast i samband med squash og egg! Sausen
hadde fått same sjuka som suppen, men vin (så lenge ein har nok av den) har
berga så mang ein tulling, så eg trur eg slapp unna med den òg.. Kjøtet
vart iallfall slik eg ville ha det, lett rosa i midten, men med
gjennomsteikte endar, slik at alle kunne få kjøtet slik dei likte det.
Mette vart vi! Noko så inderleg òg.. 
Innbakt filet, rett frå omnen
 Dermed framla eg eit framlegg om at vi skulle vente med desserten til alle kunne ete saman. Det vart einstemmig
vedteke, og vi trakk ut for litt frisk luft og eit par glas vin.
 
Eg hadde sendt vår fryktlause faste sjåfør Andreas for å plukke opp Hanne
etter jobb, og 21.30 kom ho. Då var det på tide med pakkeutdeling!
Sidan dette var Åse Berit sin siste kveld i byen, hadde eg sett saman ei
lita overlevelseseske til ho! Den innholdt: teppe og tjukkesokkar (sidan ho
alltid frys), ekstra stort og uknuseleg vinglas, kamomillete (for små
kriser), prøvepakke med vin (for litt større kriser) og køyreruta frå
nyejobben hennar heim til meg (for when shit has really hit the fan).
Dessuten litt førstehjelpsgreier (disney-plaster, ibux, hostesaft
(Jaegermeister) og allergitablettar), og eit lite hefte med alle Åse Berit
sine svarte-hol-teoriar!
Deretter henta eg fram poeten i meg, leste opp ei lita ”Ode til
fagkonsulenten”, og fekk nesten jenta til å ta til tårene! Fordi ho vart
rørt og happy og sånt, altså..
Hanne hadde gått til innkjøp av ei flaske Pink, som Åse Berit lova å ta med
seg og nyte første kvelden i ny leilighet. Så ho fekk ein skikkeleg
send-off!

Åse Berit med eske og vin, Linn med vin, og Bente med brus og pakkesangar.. Berre velstand!
 
Men gåveutdelinga var ikkje over med dette! Bente hadde nemleg bursdag 25.
juli, og sidan Hanne jobba den dagen, tok ho like gjerne med seg gåva på
fransk aften. Eit gåvekort (frå Hanne) og eit forkle med teksten
”Purrrfectly Sane Cat Lady” (frå meg) vart fangsten, og Jimi fekk leike seg
med gåvebanda. Alle tre var meget fornøgd med det, og etter at vi hadde
fått fora Hanne, var det tid for dessert.
Foring av Hanne
 
Sorbeten gjekk ned på høgkant, praten gjekk og stemninga var høg.
I det store og det heile, veldig vellykka kveld!

onsdag 18. juli 2012

Etter laaaang tids lesing og pugging, er det no mindre enn ein månad att til eg vender nasa sørover!
Weeeeeee!

Rett nok, det skal innrømmast, i det siste har eg vore usannsynleg slapp med blogginga.
Det kjem rett nok ikkje av mangel på begivenheter i livet, men rett og slett mangel på tid og energi!
No, derimot, skal eg ta eit kjapt samandrag, så de kjem a jour på den siste månaden sine begivenheter:
 Jobbe, ete, lese, trene, sove.
Sånn, det gjekk jo kjapt! Ikkje dei heilt store begivenhetene..

Vel, Hanne klarte å lokke meg opp i eit helikopter:


Og Åse Berit har etter eit drøyt år gjett seg i kommuna, og hadde sin siste dag 10. juli. *snufs*
I skrivande stund mistenkje eg at ho står til knes i pakking, og er litt generelt småstressa.

Det einaste rette å gjere i ein slik situasjon, er jo å invitere til ny fransk kveld, tenkjer eg!
Og som sagt, så gjort..
Som avskjedsselskap for Åse Berit, har eg nemleg samla gjengen frå forrige soiree til nye eventyr, større meny og vidare vinglas! :)

På fredag skal dette gå av stabelen, og eg har sjølvsagt allereie begynt på maten.
Sorbeten er klar, og står i frysen og hutrar.
Den bør jaggu bli god, tatt i betraktning at eg klarte å brenne opp husvert sin mose/hakkesak i prosessen.. Eg stod i fred og ro og mosa bær, støtta meg mot oppvaskbenken, fekk støt og såg at det begynte å ryke så merkeleg... Heldigvis var det siste runda den skar seg på, så desserten er klar, og så kjøper eg ein ny dings til kjære husvert..

I morgon skal løksuppe og filet Wellington tilverkast, og då trur eg nokre bilete er på sin plass!
Stay tuned, lovar å  blogge litt i morgon òg.. Lovar! :)

fredag 8. juni 2012

L'été est de retour!

I skrivande stund sit eg og ser utover masse blått!
Blå himmel og blått hav, noko som er ein relativt uvanleg kombinasjon her på Vestlandet. Det går mykje i grått med enkelte kvite innslag, sjølv no på den årstida vi har høyrt rykter om at dei har sommar på Austlandet.. Difor må dette nytast så godt som råd!

Skulle gjerne ha tatt meg ei liten slurk med noko fransk og kaldt på verandaen, men trur helga skal brukast til mykje meir nyttig! Min helgenerklærte husvert har nemleg gjett unge mademoiselle eit lite budsjett for ordnings av hageflekken utanfor døra mi, og motivasjonen til å få gjort noko er stadig stigande!
Kirsebærtre og stauder ligg i korta, men først har eg og husvert Irene eit lite prosjekt på gong: vi skal mure! Det har seg nemleg slik at den flekken vi tek føre oss no ikkje kan gjerast noko særleg med før vi har fått ein god mur til å halde jorda på plass, og husvert sin kjære samboar såg seg ikkje i syne med å prøve seg på slike utskeielsar. Då såg eg på Irene og Irene såg på meg, og så kom vi fram til at om vi berre stakk våre blonde hovud saman, skulle vel ikkje dette by på noko problem? Kva kan gå gale?
Nøyaktig kva som gjekk gale skal eg nok vite å klage høglytt over når den tid kjem, men foreløbig er tonen optimistisk, og vi går i gong med ein song i hjartet og sola i ryggen.
Ønsk meg lykke til! :)

tirsdag 5. juni 2012

Farvel, mai, du skjønne milde..

Då var mai ettertrykkeleg over..
Same med den deilige varmeperioden som drog meg og Friskus ut på tur etter jobb, og førte til generell lykksalighet i heimen så òg på kontoret. I natt var det vårlege 4 grader, og den langerma pysjen og den ekstra store tekoppen er tilbake frå innerst i skapet!

Likevel kom energien over meg (slapp av, dette er nok eit heilt forbigåande fenomen), og eg spratt opp og ut i regnet for ein rundtur i trimløypa! Jepp, Friskus Nytun, du har smitta meg! Og medan eg tasla der i regnet med ZZ Top på øyret og relativt godt driv oppover bakkane slo det meg: det er eigentleg ganske deilig å få stumpen ut av sofaen og nasa ut av bøkene for ein gongs skuld!
I det siste har både blogging og trening lede under kombinasjonen skulebøker og til tider hyperaktivt sosialt liv, og det å tøme hovudet og få litt frisk luft i lungene gjorde underverk! Rett nok oppdaga eg på turen at skikkeleg tungt sommarregn tydelegvis er mykje våtare enn oktober/novembervarianten, men det kan vel kanskje ha noko med at ein er litt meir mentalt forberedt på det då.. Kvart einaste plagg eg hadde på meg måtte iallfall vriast då eg kom heim,men då kunne eg ta fatt på bøkene med litt meir entusiasme enn eg har klart å oppdrive i det siste.

Av sosiale høgdepunkt må eg nemne champagneaften med nokre kollegaar på torsdag, der vi feira gode nyheter eg ikkje skal utbrodere meir her, og overraskelsesfesten i anledning Annette sin bursdag!
Ho vart 25 (-ish) på fredag 1. juni, og vart litt smådeppa då ingen kunne vere med ho å feire.. Lite visste ho då at fleire av hennar næraste vener og ektemannen over fleire månadar hadde samansverga seg bak hennar rygg for å gje ho ei feiring ho aldri skulle gløyme!
Så mellom 19.00 og 19.30 seig vi til den leigde sjøbuda, og håpa ingen (altså Annette) såg oss..
19.45 tikka meldinga inn frå ektemannen: "No køyrer vi!". Då gjekk alle gjestene like godt ut, tok kvarandre i henden og stansa bilen, der ei sjokkskadd Annette (som trudde ho skulle på restaurant og ete middag) vart sungen bursdagssong for, og klemt etter alle kunstens reglar.
Dessverre låg kameraet mitt nederst i veska for denne seansen, og der holdt det seg dessverre heile kvelden, så, kjære lesar, du får berre prøve å forestille deg.
Utan å overdrive det minste kan eg beskrive kvelden som ein strålande suksess frå ende til annan! Vi åt, drakk, song, drakk, Annette opna pakkar, vi drakk, vi hadde selskapsleikar, og så tok vi like godt ein liten drink etterpå.. Ingen eg har snakka med er heilt sikre på når vi tok kveld, Hanne tippar på rundt 02.00, eg er ikkje sånn veldig uenig, så vi går for den!
Ein herleg kveld, men ingenting overgjekk den gleda Annette la for dagen då sjokket gjekk over, og kor artig det var å kunne overraske ei så flott dame sånn! Gratulerer med overstått, jenta mi!
Det er ikkje bursdag utan krune til bursdagsbarnet!      



Trur eg kan love å oppdatere bloggen oftare no, sidan sola har teke sommarferie, og det har ikkje eg..
Innmellom mine djupdykk i bøkene, skal eg nok finne ei stund til litt småskravling i skrifteleg form!
Kan rett nok ikkje love at alt er like relevant for Frankrike-turen, då...
Au revoir!

torsdag 24. mai 2012

Å Vestland, Vestland!

Merkeleg med dette, hyppigheta i mine bloggoppdateringar vert sterkt påverka av vêret!
No må vi ha vore skikkeleg snille, sidan det no i slutten av mai er eit opphald i den vanlege syndefloden, og vi vert vekkskjemde med sol og varme..

Dette kan jo ikkje kastast vekk, så Friskus Nytun og eg har vore hyppige å sjå i skog og mark.
I går tok vi på nytt turen til Skongsnes fyr, og der var om mogeleg endå finare enn sist!




På turen fram tok vi den vanlege løypa over fjellet, men på tilbakevegen fann vi ut at vi trengde nye utfordringar.
Difor tok vi fjøra tilbake, og der var ein del klatring og bruk av nye og ukjende musklar! Etter ei stund kom vi fram til Skongsneshellaren. Ganske imponerande å sjå kva naturkreftene kan gjere!
Åse Berit inne i hellaren, i kjent positur med kamera..

...for å få omtrent dette biletet.

Etter ein kjapp fotosession gjekk, klatra, kraup og kleiv vi vidare, og innimellom trur eg til og med vi var innom råsa! Turen munna ut på Halsørsanden/Sætresanden (kjært barn osb), og når vi nådde målet var vi ikkje seine om å få av oss våte fjellsko og vasse uti. Ja, vatnet var litt kaldt, men sanneleg gjorde det godt for slitne bein! Faktisk så godt at eg fall for freistinga å dyppe meg litt.. (Vatnet var framleis litt kaldt...)

Åse Berit har sjølvsagt òg skreve ein epistel, med fleire bilder og nerdefakta. Den finn du her: http://friskusnytun.blogspot.com/2012/05/skongsneshellaren-og-andre-oppdagingar.html

Men hadde vi fått nok av fjellet for veka då? Neida!
Sidan vi allereie har besigra Synnevahornet og Brurahornet, syns vi at vi måtte ha eit tredje horn for å få eit høveleg tal på det. Derfor tok vi fjellsko og sekk på i dag òg, og sette kursen mot Børahornet. Herleg tur! Passeleg fønvind heldt solsteika på eit behageleg nivå, utsikta vart finare for kvart steg, og ikkje visste vi ordet av det før vi var framme.
Ein gong sekretær, alltid sekretær.. Sjølv på fjellet!
Fleire bilder og nerdefakta her: http://friskusnytun.blogspot.com/2012/05/brahornet.html

Med slike friskustakter og eit berg av lovdata å setje meg inn i, må eg nok heilt ærleg innrømme at den franske grammatikken har lege litt brakk siste veka.. Men med slikt nydeleg vêr, som eg sikkert ikkje ser maken til før eg faktisk er i Frankrike, har eg bevilga meg sjølv ein liten lesepause!
Det skal jo først og fremst vere moro, og ikkje endå ein ting på den alltid veksande to-do-lista..

Difor, mes amies, skal eg no tasle i retning køya med den fasinerande boka "Rettigheter og plikter ved sykdom, svangerskap, fødsel og adopsjon" og sjå om litt trygdebestemmelsar finn vegen inn i hjernen!
Og de av mine vener som kjem inn under mitt område, kan de vere så snille å ikkje vere sjuke meir enn 16 dagar i slengen og helst ikkje få så masse ungar? Blir sånn inderleg papirarbeid av slikt! ;)

lørdag 12. mai 2012

Résumé de Semaine

Pardon, leeeenge sidan sist blogginnlegg!
Dette har nok mest å gjere med at eg har dreve med fint lite franskrelaterte greier siste veka, men så bekymringa ikkje skal bli for stor, kan eg heller ta ei kjapp oppsummering av aktivitetane:

Fredag 4.mai: Synnevahornet i snøstorm!
Denne har sjølvsagt Friskus Nytun blogga om, så den kan de lese om her: http://friskusnytun.blogspot.com/2012/05/sunnivahornet-friskus-og-helseguru-pa.html
På toppen av Synnevahornet, 689 m.o.h. Vi var veldig stolte av oss sjølve!

Laurdag 5. mai: Hanne sin bursdag!
Kanapear vart tilverka, eg smatt inn i min nye, knallorange kjole, og opna kvitvinen.. Meget triveleg kveld!
Bursdagsbarnet, med eit stadig tomare glas av Unni sin patentpunsj..

Åse Berit, Linn og meg i stråååålande form!

Søndag: Zzzzzzzz....
Måndag: Kor
Tysdag: Trening (le figure trés chic igjen!)
Onsdag: Lide for treninga (gongsperre.. Au!)
 Torsdag: Brurahornet i strålande sol (WTF?!)
Ut på tur, aldri sur! 

 Og denne turen har sjølvsagt Åse Berit dekka her http://friskusnytun.blogspot.com/2012/05/brurahornet-og-gottrysa.html.

Fredag: Terapeutisk inntak av ting i stetteglas
Laurdag: Angre på at eg sa ja til å hjelpe til i konfirmasjon, og dermed måtte slepe lekamen opp av senga i rimeleg tid for borddekking og pynting av bedehus. Men det gikk jo så fint, berre eg kom i gong!

Og i morgon er då dagen for sjølve konfirmasjonen til Lise-Mari, dottera til min kollega Ellen, og eg skal ta på meg mi fabelantiastiske (jepp, klarte ikkje å velge mellom fabelaktig og fantastisk..) kystdrakt, og vere tenande ånd i nokre timar.

Så der har vi det, ei veke i Unni sitt fasinerande liv, når eg ikkje driv med noko som ein gong er fjernt relatert til språkreisa i august, unnateke grammatikkpugging i ledige stunder.
Men er jo grenser for kor ofte eg kan klage over sære franske grammatikkreglar før du går frå vetet, kjære lesar! :)

torsdag 3. mai 2012

Une élève très dilligent!

I går måtte stakkars Unni utføre sine korplikter med noko mindre glede enn vanleg..
Den årlege basaren er i gang, og å bruke mine hardt oppsparte avspaseringtimar på å sitje basarvakt var ikkje heilt det eg hadde i tankane! Men eg bevæpna meg med fransk grammatikk og språklære, og fekk 3 timar nesten uforstyrra pugging av bestemmerar og kjønnsbestemte artiklar!

Oppdregen i den tid der kvinner og menn skal vere tilnærma like, kan det jo vere litt trøblete å innsjå at ei kvinne ikkje kan vere "le" om ho så ynskjer, og kven skal hindre meg i å bruke "la" om ein mann? Franske grammatikkreglar, that's who...
Men trur kanskje det synk inn snart, er jo ikkje så mange sære, uregelrette verb og underlege sakjer som i norsk (og då særleg nynorsk, som er eit kasusspråk, men som eg etter snart 30 års trening kjenner eg beherskar ganske grett ;)
Les Fracaises si snåle innputting av artiklar som annakvart ord, og desse aksentteikna over tredjekvar bokstav skal vel òg gå greit, så lenge eg klarar å lære meg forskjellen på `og ´..

Vel, det får halde med grammatisk klagesong for i dag, helga nærmar seg med stormskritt!
Eller som eg og Åse Berit seier kvar onsdag etter lunsj: det er jo pratisk talt helg!
Derfor tenkjer eg ei lita polferd seinare, kanskje med eit litt sprudlande tema, sidan det jo er dobbel bursdagfeiring på laurdag..
Stor bildereportasje til helga! Sjå kjolane, sjå bildene!
(Sjå dansing på bordet og diverse anna utilrådeleg åtferd... Neida, mamma, vi skal vere så snille at..)