lørdag 31. mars 2012

Ein liten tur til bokhandelen

I dag gjorde eg ein av mine absolutte favoritting: Eg tok meg ein tur til bokhandelen!
Målet for ekskursjonen var ei fransk-norsk ordbok, som eg mistenkjer kjem til å bli myyyykje brukt dei neste månadane..

However, når eg stod der framfor språk- og reiseseksjonen, var der inga fransk ordbok å sjå!
Der var engelsk, tysk, italiensk, finsk, thai og koreansk, men einaste franske var ein lita lommeordbok som ein knapt romma 6 gloser. Men eg tenkte no i mitt indre at dette kan jo ikkje stemme, her må jo vere noko litt meir brukbart ein eller annan plass! Og sant nok, etter å ha flytta på alt av ordbøker, der stod den, gøymt bak ein tysk murstein, Fransk-Norsk Ordbok, med minigrammatikk og eit eige kapittel om feil i setningsoppbyggjing som nordmenn ofte gjer. O' lykke!

Med byttet under armen kunne eg hengi meg til det eg virkeleg elskar med bokhandlar, nemleg å gå rundt frå hylle til hylle, dra ut ei reisebok her og ei kokebok der, lese litt på baksida, nyte lukta av ny bok og sette opp mental ønskeliste over alle bøkene som skal erverast den dagen eg vinn i lotto.
Eg er den einaste eg veit om som vindusshoppar i bokhandlar på same måten som mange gjer i klesbutikkar!
Men no i den digitale tid, den papirlause tidsalderen, er det noko betryggande og deilig ved å stå med halvannen kilo trykt lærdom i handa. (Mental trening for kontorarbeiderar: bruke uttrykket "den papirlause tidsalder uten å bryte saman i latterkrampe..)

Så no sit eg her, blar i mi nyinnkjøpte ordbok, og kjenner berre kor eg gledar meg til den dagen eg kjenner at eg kanskje beherskar dette språket litt!

France, ici je viens!

fredag 30. mars 2012

Slik begynte det!

Det var vel ein seine januarkveld, etter at jula var rydda vekk og vegen mot sommar virka urimeleg lang å gå (vel, let's face it, eg bur på Vestlandet, faren for sommar i det heile tatt er vel ikkje direkte overhengande), då var det unge (ish) frøken Olsbø spurte seg sjølv: "Ka vil gjere meg litt happy og dra meg ut av vintermelankolien sitt klamme grep?"
"Joda," svarte ho seg sjølv, "utsiktene til ein tur til sol og varme!"
"Men blir det ikkje skrekkelig kjedelig å reise heilt plitt mutters aleine for å ligge på stranda i ei veke?"
"Jo, derfor tek du deg ein tur på språkreise!"
Når den midlertidige personlighetsspaltninga var gått over, fann eg ut at det eigentleg var ein inderlig god idè!

Fram med google, og når Språkreisebyrået dukka opp på søket, var det gjort..
Montepellièr i Frankrike vart vald, og etter ein kjapp titt på sparekontoen fann eg ut at her var det berre å hive seg rundt og bestille.
Ferie frå jobb vart innvilga, og plutseleg sat eg der med kvittering på både språkreise, losji og flybillett i handa!

Først då var det eg kom på at det einaste eg kan på fransk er å bestille kvitvin og fortelle at eg ikkje snakkar fransk, men men.. Detaljar! Dei har nybegynnerkurs, og så tenkjer eg å få lest litt på heimebane før eg fèr. Turen til Nice med koret i april i fjor gikk jo veldig bra (om vi ser vekk frå enkelte episoder med natteleg allsang og ein tanke tøying av levra sine grenser, men det hadde nok neppe noko med franskkunnskapane mine å gjere), så dette ser eg lyst på!
Gledar meg faktisk som ein liten unge, og må minst ein gong i veka gni det inn hjå min stakkars kollega/turkamerat/terapeut Åse-Berit. Gledar meg, gledar meg, gledar meg!

Det var faktisk den same Åse-Berit som meinte på at ein blogg for å dokumentere mine opplevingar i det store utland burde opprettas, og ein liten tjuvstart må vel vere lov, om ikkje anna på reint terapeutisk grunnlag, slik at eg ikkje forgår av reisefeber allereie før påske..
Nemnde eg forresten at eg gledar meg?