onsdag 15. august 2012

Då sit eg her på rommet mitt og ventar på Joanna og Line, i kjøleskapet ligg 3 flasker, og i kveld har vi tankar om å besøke ein klubb som heiter BoungaBounga, av alle ting.. 

I dag er det Maria Himmelfart, ein katolsk heilagdag, noko som betyr at vi ikkje har hatt skule i dag, så vi tok likegodt turen til La Grande Motte, for å jobbe litt på brunfargen. Så vi vandra litt rundt i byen Carnon, som denne stranda ligg ved, og tok inn inntrykka. Heile staden er konstruert på sanddyner, og ikkje meir enn 40 år gammal, så det var litt som å setje seg i ei tidsmaskin og ta turen tilbake til 60-talet. Det er jo mitt favoritt-tiår, så eg koste meg:)

Bølgene var nesten som på Vestlandet i dag, så vi leika oss i vatnet som ungar! Hoppa, svømte, lot bølgene dra oss under og stupte igjennom dei. Skikkeleg moro, men ikkje bra for solkremen! Mistenkjer at eg kanskje kan ha blitt ein tanke småsvidd… Håpar i det lengste på at det berre er saltet som har tørka huda litt, den kom seg iallfall mange hakk etter ein tur i dusjen og ei runde krem!

Så no har eg teke på meg le petit noir og er klar for min tredje siste kveld i Montpellier. I kveld blir det clubbing, i morgon har vi tenkt ein liten avskjedsmiddag for meg, og fredag skal vi på L’estival igjen, slik at eg nærast kan gå rett frå festen til taxien som skal ta meg til flyplassen.

Eg har ikkje lyst å reise! Har fått mange gode vener her nede, eit koseleg miljø i klassen, og vêret er alltid varmt og deilig.. Men vi har internett! Heldigvis…

søndag 12. august 2012

Ein MÅ berre like franskmennene: I standardutstyret på rommet mitt fins der ingen kniv for matlaging, berre to handkle og null såpe for verken det eine eller det andre,men der er ein vinåpner! Ein god ein!

I dag tidleg, rundt 10, gjekk eg ut, handla frokost og ingrediensar til middag i kveld, og ei flaske vin.. Eit heilt vanleg supermarked har mykje betre vinutval enn noko vinmonopol eg har sett! Ein kan rett nok ikkje kjøpe bodylotion, og den særnorske tildekka sigaretthylla fins ingen plass, men for slikt har dei spesialbutikkar, og der kan ein gå inn, sjå på eit stort utval, og alltid finne den som passar for kvar enkelt..

Ferdigmat er noko heilt anna her i Frankrike: den er stort sett på brett der ingrediensane er adskilde og kanskje skal blandast etterpå, eller det er gryter, som smakar som om dei har kokt heime på bestemors kjøkken i timesvis.. Kort sagt: ferdigmaten smakar godt! Eg har blitt lett avhenging av noko som heite tabouile, couscous med grønnsaker, og av og til reker eller kjøt.

På vegen til stranda i dag, stoppa eg, Line og Daniella ved eit supermarked, og kjøpte med oss 2 øl på kvar for å nyte på stranda. Likevel, sjølv om alkohol er så tilgjengeleg, har eg ikkje sett ein einaste full person heile veka!
Sjølv i køen utanfor puben fredagsnatta var alle tilregnelege. Jaja, unntatt nokre engelskmenn, men dei kan ein ikkje rekne med i denne samanhengen..

No er klokka 19.45, eg har vore på stranda heile dagen, og har ikkje blitt brent! På komfyren boblar noko sjølvkomponert, med franske pølser med kvitløk og basilikum, aubergine, løk, masse tomatar og ein skvett raudvin. Eg nyt litt rosèvin mens eg ventar på middagen, og nyt lydane frå gata; små scooterar, bussar, trikken, folk som pratar på fransk (og tysk, engelsk, spansk og noko eg ikkje skjønnar, eg bur jo tross alt på ein residence). Eg nyt rett og slett Frankrike! Dessverre, grunna linja på le residence, kan eg knapt laste opp bilder, og får ikkje skille avsnitt her på bloggen. Fiksar dette neste laurdag, når eg får koble til norsk nett hos mi kjære venninne Benedikte, så då må de nok lese opp att alle rapportar frå Frankrike! Men frykt ikkje; Unni har det herleg i Frankrike!

Denne turen er akkurat som oppussinga av soverommet mitt: Eg trudde det ville bli bra, men sooooo bra hadde eg aldri forventa! Nesten litt som vidaregåande: Masse nye folk, masse ting å gjere, og litt skule innimellom.
Neste veke har eg nesten fullbooka, 2 restaurantar som må besøkast, mani/pedi på ein salong Line fann, ein tur på La Grande Motte (den store stranda som vi ikkje har komt oss til enno..), messe i ei katolsk kyrkje på Maria Himmelfart, jakta på den perfekte franske kjolen og avskjedsmiddag med gjengen for meg, sidan eg er den første av oss som reiser heim att.. Kort sagt, eg har aldri eit kjedeleg øyeblikk! Unntatt dei siste 10 minutta av fransktimen, då vi alle har fått nok av grammatikk, og berre vil heim..

Mistenkjer dette kjem til å endre seg neste veke, sidan vi endrar timeplan! Denne veka har vi hatt timar på ettermiddagen, vi har ofte begynt 16.00 og slutta 19.15, men neste veke skal vi begynne mellom 8 og 10 om morgonen, og sluttar ved midi (altså rundt middag). Derfor er vi alle fulle av koffein (den franske kaffien er sterk!) og sukker (dei er store på sukkerhaldige frokostar her, gjerne ein croissant eller ein bain de chololate (luftig bakverk med store bitar mørk sjokolade), ikkje eit land for oss på lavkarbo!). Eg tenkjer derfor at motivasjonen går opp eit hakk, og i staden for å gå ut til lunsj eller på stranda før timen, kan vi heller gjere det etterpå! Mistenkjer det gjer underverk for heile gjengen..

Men likevel, eg har verkeleg likt å få sove så lenge som eg vil, stå opp i tide for lunsj med gjengen og litt shopping, og deretter fransktime, før nokre av oss går ut til middag. Klientellet varierer alltid, av og til er det meg og ei klassevenninne, av og til er det ein heil gjeng! Fredag var herleg, då sat vi 10 stykke rundt eit bord i parken, og berre 2 var frå same land..
Eg møter så mange at eg må endre facebookinnstillingane mine! Før har ein måtta vere ven med ein ven for å finne meg, men for å halde kontakta med alle mine nye vener må det fiksast.. Eg må berre seie det igjen: Eg har det herleg! Språkreise kan definitint anbefalast! Greitt nok, mon residence er ikkje fancy, men det er nesten reint nok, og resten kan fikses på 15 min.. Dette hadde vore annleis om eg valde å bu med ein familie, men eg trur eg trives best aleine.. Eige bad osb..

J’aime la France! Hadde det ikkje vore for Jimi og koret, trur eg at eg hadde blitt her.. Men no har eg berre ei veke att, og så er det heim til kulden..
Gledar meg iallfall til å treffe Benedikte, som dessverre var i bryllaup då eg reiste nedover, og å stikke kjapt innom Heidi (ikkje for lenge, vil ikkje stresse den nye familien, berre helse på den nye verdensborgaren og gje vennane mine ein klem), ete på Pastasentralen og puste i luft som er under 30 grader..
Jepp, eg er nok ein viking, så sjølv om varmen ikkje plagar meg lenger, ser eg nesten fram til den vestnorske hausten. Eg har vore på lading i ei veke, og om ei veke til, er eg klar for nye utfordringar!
Kom an, Frode dirrigent og Rita-sjef, lay it on me!

torsdag 9. august 2012

Jour 4

Joanna frå Australia, Sayaka frå Japan og Line frå Danmark. Den internasjonale gjengen!



Vel, då er dag 4 av Den Franske Opplevelsen offisielt over, og eg kosar meg fortsatt! Kjenner meg nesten litt fransk allereie, og tek meg sjølv i å tenkje ”Ah, le touriste!” når dei på kafebordet ved sidan av ikkje kan bestille på fransk..

Likevel, franskkunnskapane later noget tilbake at ønske her òg, særleg tala! Dei har eit snålt system for alt over 70.. Heldigvis har vi Claire, eit unikum av ein lærar, som klarar å vere like blid og entusiastisk kvar dag, og tek det med knusande ro at vi må ha alt inn med teskei. I dag klarte eg faktisk å telle til 100 utan jukselapp!
Veldig stolt øyeblikk, og sidan eg tilfeldigvis stod i dusjen då, lurte eg litt på å ta ein Arkimedes og springe naken gjennom gatene mens eg ropte ”Eureka!”. Den lysta gjekk heldigvis kjapt over, då innsida av eit fransk fengsel ikkje er ein av dei tinga eg vil sjå mens eg er her, men godkjensla sit i enno, og eg trur ikkje Arkimedes var like stolt som meg akkurat då!

Sosialt sett kunne ikkje ting vore betre! Den internasjonale gjengen som fann saman første dagen held stadig saman, og i går tok vi turen på stranda! Herleg dag, fin sol, god badetemperatur.. Og 3 jenter som trudde dei kjende huda si og sola si effekt på den… Ehhhh, nei…. Vi stilte til time 16.00 raude som hummerar, men heldigvis ikkje noko som var så gale at vi fekk blemmer! Takk mamma, for den tuba med aloe vera-gel! Og Line er òg veldig takknemleg…
På reint medisinsk grunnlag, tok ho nemleg turen innom med ein melon som snacks, fekk låne litt aloe med meg, og som smertestillande kverka vi ei flaske rosèvin. Med litt ost, kjeks og mørk sjokolade var smaksopplevelsen komplett, og det er litt kjekt at prisane her nede er behagelege nok til at ein kan unne seg slikt på studentbudsjett!

Tysdagskvelden vart òg tilbrakt i strålande selskap, då gjekk eg ut og åt middag med Jovita frå Slovenia. Vi fann ein sjømatrestaurant på Place de Comedie, og blåskjella der var ubeskrivelege! Salte, passe krydra, i god saus… Vi åt, drakk kald kvitvin og naut stemninga med gatemusikantar og folkeliv. Koselig!
Av andre gode matopplevelsar må dagens lunsj nemnes, då gjekk den internasjonale gjengen på creperie! Der serverer dei crepes (pannekaker) med ulikt fyll. Eg tenkte at dette var altfor lite for middag, difor vart det lunsj. Eg tok såååå feil! Først gjekk eg for ei med krabbekjøtt- og ostefyll. Nydeleg, mektig, og eg fekk ned heile! Men vi hadde bestilt meny.. Og den inkluderte ein pannekake til, men dessertvarianten. Eg hadde bestilt ei med pære- og sjokoladefyll, nydeleg og velbalansert, men der måtte faktisk sjølv eg gje tapt! Eg var så mett!

På ein eller annan merkeleg måte klarte vi likevel å komme oss til time, og i dag har vi avansert til fargar. Det går stadig framover!
På programmet framover står vinsmaking i morgon kveld, og omvisning på eit slott på laurdag. Søndag snakka vi om eit nytt forsøk på stranda, denne gongen Le Grande Motte i staden for Le Petit Travers som vi besøkte på onsdag. Rapportar følgjer!

tirsdag 7. august 2012

Je suis arrivè!

Då er eg framme!

Forlot heimen rett etter 07.00 laurdag morgon, og hoppa på båten til Bergen. Der besøkte eg høggravide Heidi og PO, den blivande pappa, og hadde ei triveleg opplading til flyturen med hundetur, taco, og powerskravling!
Slik at eg slapp å makke med buss og bybane ei laurdagsnatt, køyrde dei meg på flyplassen før dei la seg, og eg fann meg ein benk fram til flyet gjekk 06.25 om morgonen. Etter å ha manøverert meg over både Shipol i Amsterdam og Charles de Gaulle i Paris, landa eg som planlagt i Montpellier rundt 14.00 på søndag! :)

Hypersosial som eg kan vere til tider, var eg ikkje komt lenger enn inn på bussen før eg traff på to jenter som bur på same Residence som meg. Og godt var det, sidan Amanda hadde kart og litt kjennskap til byen, og klart å guide oss rett inn på rette trikk. Rett i nok i feil retning, men det oppdaga vi kjapt, skifta trikk og var snart framfor Residence l'Observatoire.
Ikkje verdens mest eksklusive plass å bu, litt gammalt og nedsarva, men sengetøyet og kjøkkenet var reint, og resten tok eg i løpet av 10 min.. Men ikkje noko å anbefale for dei som må ha aircondition og senga redd kvar dag! Ut på byen bar det, for ein liten matbit og ein glas vin. Katarina frå Sverige og Amanda frå Tyskland var trivelege jenter, og vi hadde ein koseleg kveld! Men etter snart 36 timar utan søvn, måtte eg gje meg tidleg.. Eg er nok for gammal for slikt! ;)

Neste dag skulle vi stille på skulen 08.00, og vi så gjorde. Kjapp orientering og utdeling av timeplan, deretter gjorde vi eit forsøk på guida tur. Dette vart ikkje så vellykka, all den tid den første regnbyga på to veker kom akkurat då, så den vart avlyst. Då fann nokre jenter frå klassen ut at det er på tide med frokost nummer 2 (croissanten og espressoen metta ikkje så lenge), og snart fann eg meg på eit koseleg partisserie med Line frå Danmark, Joanne frå Australia og Sayaka frå Japan. Internasjonalt miljø her nede! :)

13.45 var det tid for første time, som i sin heilhet foregikk på fransk.. Men det gikk heilt fint, læraren vissta at vi alle var nybegynnerar, og var tålmodet sjølv, mens vi stava oss gjennom alfabetet og lærte å telle. Litt ut i timen peip det i veska.. Eg sneik meg til ein liten titt, og der var det bilete av ein nyfødd liten kar og helsing frå Heidi i Bergen! Ho hadde lova å ikkje føde før eg hadde vore på besøk, og sanneleg held ho løftene sine! 09.56 måndag morgon vart dei foreldre, og full lykke i heimen :) Etter timen måtte dette feirast med endå ein tur til gelatosjappa eg hadde raida saman med Katarina og Amanda dagen før. Målet er å smake meg igjennom heile utvalet, noko som noko kan ta si tid! Men nam!

På kvelden var eg oversosialisert og trøtt, så eg trakk meg tilbake til hybelen og varma ein boks som såg spennande ut.. Slett ikkje verst, og saman med vinen eg hadde unna meg, og nokre bita camerbert, vart det eit reint herremåltid! Kosa meg òg med Les Parapluies de Cherborg, gamaml fransk film, og hadde ein kosleg kveld. I dag har eg avtale om å møte jentene frå klassa til lunsj, og må snart komme meg avgårde! Skal prøve å få lagt ut nokre bilder seinare, men er noko rart med Blogspot i dag.. Her er iallfall formen på topp, og dette virkar til å bli ein kjempefin ferie!

fredag 3. august 2012

Bonne Fête a Moi...

I dag vart eg faktisk 29!
Ikkje så mykje feiring, då Åse Berit er vekkflytta, Linn er på ferie, Bente er sjuk og Hanne hos si sjuke jente Nanna.. Men på jobb vart det insistert på isinnkjøp, folk stakk stadig innom kontoret for å gratulere og på facebook og telefon tikka gratulasjonane inn jamnt og trutt :)

Sidan dette er min sister offisielle bursdag (ei dame blir jo aldri eldre enn 29), fann eg det like godt å kjøpe inn ei flaske Pink og nyte i einsemd! Men, mens eg spretta korken og naut dei første dråpane, kjende eg likevel nærveret til dei som skulle ønske dei kunne feire med meg i kveld!
Kjekt med så gode venner at ein kjenner at dei er der sjølv når dei ikkje kan..

Og i morgon ventar Unni si desidert største bursdagsgåve til seg sjølv!
07.00 stiller min snart helgenerklærte eksmann Ørjan på døra, og skal køyre meg til Bergensbåten som går 07.20.. Litt utpå dagen ender eg i Bergen, og sidan mi høggravide venninne Heidi ikkje heilt fungerer før rundt 14.00-15.00, skal eg parkere kofferten i eit skap, og sjå Bergen på eiga hand, for ein gongs skuld! Eg tenkjer ein syndig frokost på Godt Brød, og å kose meg i diverse bokhandlar og musikkbutikkar.. Deretter må eg finne Bybanen, og få lekamen oppover byen.
Eg veit der vert te, mykje god skravling, og kanskje litt sam-matlaging utpå kvelden?

Deretter kjem søndag, og då er eg heilt ute i ukjent territorium!
Lita blondine manøvrere seg gjennom to av Europa sine største flyplassar, plitt mutters aleine, uten å kunne språket? Hjelp?
Men eg er jo alltid den som veit kor vi er og kor vi skal, og opningstidene i den næraste baren, så eg har håp om at eg kjem dit eg skal, forhåpentligvis med kofferten min, og vetet i behold!
Kryss fingrane, folkens, for after this, there be dragons!

torsdag 2. august 2012

T - 3

Nedteljinga forset, og om tre små ynkelege dagar er eg i Frankrike!

Reiser frå Måløy allerede tidleg laurdag morgon, og ankjem Bergen på føremiddag. Så skal eg besøke mi gode venninne Heidi, som er kjempegravid med sin første, men har lova å krysse beina til over helga. Termin er tross alt ikkje før 12. august, så dette går fint!

Uanstendig tidleg neste morgon, altså søndag 06.25, går flyet frå Bergen, og etter eit par mellomlandingar i Amsterdam og Paris, skal eg lande i Montpellier 13.55 søndag!
I går kom mailen med adressa til  leiligheta, og eg skal bu i Résidence L'Obsevatoire, 1 rue Henri Guinier. 3 min gange frå skulen, lovar dei, og 5 frå den lokale trikk-, tog- busstasjonen.
Skulle nokon kjende vere i området er det berre å stikke innom :)

Kofferten er no ferdigpakka, med nytt tilskot av bikini, sarong og nye solbriller (97,- til saman! Takk og pris for salg!), alle papir og billettar er utskrevne og putta i veska saman med eit flunkande nytt pass, eg er snart a jour med alt som skal vere ferdig på jobb før eg stikk, til tross for mitt uheldige sjukdomsavbrot.. Og som lova av min kjære lege, som eg sterkt vurderar å få kanonisert, fungerar pillane over all forventning, og eg er nesten frisk! I det store og det heile er eg veldig klar for ferie!

Så no sit eg her i fred og ro, levande lys og litt rosè i glaset, og høyrer på min nye franske favorittartist: Amandine Bourgeois! Litt rocka singer/songwriter, som syng på fransk, og og takka vere henne høyrer eg no alltid når eit ord sluttar og eit begynner i ei fransk setning! Det er sjelden eg skjønnar kva ho seier då, men musikken er bra, og eg kosar meg skikkeleg her eg sit!

Bon Soir!

onsdag 1. august 2012

Zu faire sa valise! :)

Dei siste dagane har nok vore ei mindre enn ideell oppvarming til ferien:
Eg har lege strekk ut, og kjempa mot bronkitt med tilhøyrande feber.
I slutten av juli! Korleis klarte eg det, kan du kanskje spørje deg sjølv, kjære lesar, og kjem du opp med eit godt svar, så vil eg gjerne høyre det!
I går kom eg meg iallfall til le docteur, og han skreiv med glede ut ein stor boks antibiotika til meg, og meinte på at eg godt skulle vere i stand til å reise på laurdag. Heldigvis!

Så i dag, under ein liten avbrytelse i hostinga, fekk eg så smått begynt på pakkinga:
Dei viktigaste tinga er allereie med: pass, solbriller, bikini, og le petit moir!

Jada, mamma, kofferten er, som du ser, godt merka, med lærlapp som ikkje kan dette av same kva!
Dessuten står der både namn, tittel, adresse, e-mail og telefonnummer.

Så no har eg god tid til å plukke saman alle småting som ein vanlegvis gløymer i kampens hete.
Har plukka fram eigen skulebag, der bøker, pc, laderar og andre ting eg ikkje kan miste skal få bu, og vere med meg som handbagasje. Kan seie kva du vil, men det er ein modig mann som sjekkar inn noko ein er redd for på ein flytur! Eg har rett nok ikkje mista noko eller fått noko ødelagt enno, men det betyr vel berre at oddsa er i mot meg?

Alle reisedokument er i orden og utskrivne (eg har til og med endeleg fått bestilt båtbilletten til Bergen), og pusevakt er parat! Jimi skal få tilbringe ferien sin på landet hos Bente, og leike i skogen med Ingolf og Sussi (ja, kattane hennar heiter det) i to veker, men mamma set seg på skulebenken igjen.

Nervøs? Moi?
Ja, litt, skal eg heilt ærleg innrømme, no som ting nærmar seg, og det går opp for meg at for første gong i livet skal eg feriere aleine! På ein plass eg aldri har vore før, saman med folk eg enno ikkje har møtt og eit språk som eg slett ikkje beherskar.. Ja, eg er stor jente, og vert stadig fortalt at eg er så utadvent at det nesten er eit handicap, men likevel! Kva om dei andre ungane ikkje likar meg? Jepp, der regresserte eg tilbake til første skuledag..
Og det er det jo, på ein måte..
Ikkje at eg ikkje trur at det går bra, men eg lova vel å fortelle om alt smått relatert til turen, og sommarfuglar i magen er nok å forvente. Eller burde eg kalle dei papillions?

tirsdag 31. juli 2012

Ok, greit, så vart det ikkje meir blogging forrige helg..
Men slik er det med vellykka arrangement, dei gir berre ikkje tid til
overs, slik at ein stakkar kan få blogga om dei!
 
Skal vi sjå.. Siste eg lot høyre frå meg var eg vel nett ferdig med
sorbeten, og hadde steikt husvert sin bær-mose-ting. Dette forgjekk seg på
ein onsdag, og neste dag, torsdag, sette eg i gong med alt anna som skulle
gjerast i anledning middagen!
Brød vart baka, ytrefileten vart bruna, og fyllet til Filet Bouef de Coutrè
vart tilverka.
Dette gjorde eg ganske lett ved å brune løk og sopp i steikefettet etter
kjøtet, og putte oppi fløyte og raudvin.
Løksuppa vart kokt, og raudvinssausen vart gjort klar.
Då eg sette meg ned etter endt dyst, var klokka 21.06 på kvelden, og
kjøkenet fullt av velduftande ting!
Bøddeigen hevar, kjøtet, kjøler og fyllet godgjer seg.. Multitasking!

Og her ser vi dei viktige prioriteringane når Unni lagar mat: raudvin, kvitvin og pepper!
 
Fredag var dagen då alt skulle passe saman!
Eg kom heim frå jobb, og heiv meg i monteringa. Kjøt og fyll vart surra inn
i butterdeig, og sett til kjøling som anbefalt i oppskrifta.
Eg mosa squash til suffleane, skilte egg og putta alt i små skåler slik at
det berre var å røre det saman seinare, utan at kjolen tok for mykje skade
av det.
Så såg eg på klokka… I meldinga eg hadde sendt ut tidlegare på dagen hadde
eg sagt at eg opna dørene 18.00, og no var ho 17.55!
Heldigvis hang kjolen klar og eg var nyspylt, så det var berre å dyppe
ansiktet i krigsmåling og snike seg inn i den blå stroppelause. Ja, eg
svikta le petit noir, men den kongeblå saken er nok ganske fransk den òg?
 
Notorisk presise Åse Berit ankom heldigvis (og ganske utypisk) ikkje før
18.15, og då hadde eg fått ned pulsen og sat på terassen med eit lite glas.
Linn kom ikkje lenge etterpå, og då var det fram med Pinken! Dessverre
ikkje fransk, men altfor god til at vi kan ha eit samkome utan
Bente kom òg ramlande ned trappa, og vart tvangskosa av Jimi før ho ein
gong hadde fått plassert stumpen i stolen. ”The itty bitty
welcoming-comittee” hadde sluppe sløyfa denne gongen, grunna tidspress, men
var likevel klar for action.
 
Sidan Annette måtte melde avbud (stakkar sjuke jenta) og Hanne måtte jobbe
til 21.00, sette vi oss for første bordsetet, og eg oppdaga at eg kanskje
skulle venta med å jevne løksuppa til eg varma den opp for servering.. Den
hadde blitt litt gele-aktig, men trur eg fekk berga den med rikelige
mengder vatn og vin, og brutal visping.. Smaken vart iallfall godkjent, og
då Hanne fekk smake litt seinare på kvelden, meinte ho på at den ikkje stod
det minste tilbake for den kokkeskulen laga då ho gjekk der. Puh!
Vi går til angrep på suppen..
 
Mens vi naut suppe, heva squashsufflane seg i omnen.. Og dei vart like høge
som forrige gong! Smaken var dessverre temmeleg svak, og eg har lært at
salt og pepper knapt kan overdrivast i samband med squash og egg! Sausen
hadde fått same sjuka som suppen, men vin (så lenge ein har nok av den) har
berga så mang ein tulling, så eg trur eg slapp unna med den òg.. Kjøtet
vart iallfall slik eg ville ha det, lett rosa i midten, men med
gjennomsteikte endar, slik at alle kunne få kjøtet slik dei likte det.
Mette vart vi! Noko så inderleg òg.. 
Innbakt filet, rett frå omnen
 Dermed framla eg eit framlegg om at vi skulle vente med desserten til alle kunne ete saman. Det vart einstemmig
vedteke, og vi trakk ut for litt frisk luft og eit par glas vin.
 
Eg hadde sendt vår fryktlause faste sjåfør Andreas for å plukke opp Hanne
etter jobb, og 21.30 kom ho. Då var det på tide med pakkeutdeling!
Sidan dette var Åse Berit sin siste kveld i byen, hadde eg sett saman ei
lita overlevelseseske til ho! Den innholdt: teppe og tjukkesokkar (sidan ho
alltid frys), ekstra stort og uknuseleg vinglas, kamomillete (for små
kriser), prøvepakke med vin (for litt større kriser) og køyreruta frå
nyejobben hennar heim til meg (for when shit has really hit the fan).
Dessuten litt førstehjelpsgreier (disney-plaster, ibux, hostesaft
(Jaegermeister) og allergitablettar), og eit lite hefte med alle Åse Berit
sine svarte-hol-teoriar!
Deretter henta eg fram poeten i meg, leste opp ei lita ”Ode til
fagkonsulenten”, og fekk nesten jenta til å ta til tårene! Fordi ho vart
rørt og happy og sånt, altså..
Hanne hadde gått til innkjøp av ei flaske Pink, som Åse Berit lova å ta med
seg og nyte første kvelden i ny leilighet. Så ho fekk ein skikkeleg
send-off!

Åse Berit med eske og vin, Linn med vin, og Bente med brus og pakkesangar.. Berre velstand!
 
Men gåveutdelinga var ikkje over med dette! Bente hadde nemleg bursdag 25.
juli, og sidan Hanne jobba den dagen, tok ho like gjerne med seg gåva på
fransk aften. Eit gåvekort (frå Hanne) og eit forkle med teksten
”Purrrfectly Sane Cat Lady” (frå meg) vart fangsten, og Jimi fekk leike seg
med gåvebanda. Alle tre var meget fornøgd med det, og etter at vi hadde
fått fora Hanne, var det tid for dessert.
Foring av Hanne
 
Sorbeten gjekk ned på høgkant, praten gjekk og stemninga var høg.
I det store og det heile, veldig vellykka kveld!

onsdag 18. juli 2012

Etter laaaang tids lesing og pugging, er det no mindre enn ein månad att til eg vender nasa sørover!
Weeeeeee!

Rett nok, det skal innrømmast, i det siste har eg vore usannsynleg slapp med blogginga.
Det kjem rett nok ikkje av mangel på begivenheter i livet, men rett og slett mangel på tid og energi!
No, derimot, skal eg ta eit kjapt samandrag, så de kjem a jour på den siste månaden sine begivenheter:
 Jobbe, ete, lese, trene, sove.
Sånn, det gjekk jo kjapt! Ikkje dei heilt store begivenhetene..

Vel, Hanne klarte å lokke meg opp i eit helikopter:


Og Åse Berit har etter eit drøyt år gjett seg i kommuna, og hadde sin siste dag 10. juli. *snufs*
I skrivande stund mistenkje eg at ho står til knes i pakking, og er litt generelt småstressa.

Det einaste rette å gjere i ein slik situasjon, er jo å invitere til ny fransk kveld, tenkjer eg!
Og som sagt, så gjort..
Som avskjedsselskap for Åse Berit, har eg nemleg samla gjengen frå forrige soiree til nye eventyr, større meny og vidare vinglas! :)

På fredag skal dette gå av stabelen, og eg har sjølvsagt allereie begynt på maten.
Sorbeten er klar, og står i frysen og hutrar.
Den bør jaggu bli god, tatt i betraktning at eg klarte å brenne opp husvert sin mose/hakkesak i prosessen.. Eg stod i fred og ro og mosa bær, støtta meg mot oppvaskbenken, fekk støt og såg at det begynte å ryke så merkeleg... Heldigvis var det siste runda den skar seg på, så desserten er klar, og så kjøper eg ein ny dings til kjære husvert..

I morgon skal løksuppe og filet Wellington tilverkast, og då trur eg nokre bilete er på sin plass!
Stay tuned, lovar å  blogge litt i morgon òg.. Lovar! :)

fredag 8. juni 2012

L'été est de retour!

I skrivande stund sit eg og ser utover masse blått!
Blå himmel og blått hav, noko som er ein relativt uvanleg kombinasjon her på Vestlandet. Det går mykje i grått med enkelte kvite innslag, sjølv no på den årstida vi har høyrt rykter om at dei har sommar på Austlandet.. Difor må dette nytast så godt som råd!

Skulle gjerne ha tatt meg ei liten slurk med noko fransk og kaldt på verandaen, men trur helga skal brukast til mykje meir nyttig! Min helgenerklærte husvert har nemleg gjett unge mademoiselle eit lite budsjett for ordnings av hageflekken utanfor døra mi, og motivasjonen til å få gjort noko er stadig stigande!
Kirsebærtre og stauder ligg i korta, men først har eg og husvert Irene eit lite prosjekt på gong: vi skal mure! Det har seg nemleg slik at den flekken vi tek føre oss no ikkje kan gjerast noko særleg med før vi har fått ein god mur til å halde jorda på plass, og husvert sin kjære samboar såg seg ikkje i syne med å prøve seg på slike utskeielsar. Då såg eg på Irene og Irene såg på meg, og så kom vi fram til at om vi berre stakk våre blonde hovud saman, skulle vel ikkje dette by på noko problem? Kva kan gå gale?
Nøyaktig kva som gjekk gale skal eg nok vite å klage høglytt over når den tid kjem, men foreløbig er tonen optimistisk, og vi går i gong med ein song i hjartet og sola i ryggen.
Ønsk meg lykke til! :)

tirsdag 5. juni 2012

Farvel, mai, du skjønne milde..

Då var mai ettertrykkeleg over..
Same med den deilige varmeperioden som drog meg og Friskus ut på tur etter jobb, og førte til generell lykksalighet i heimen så òg på kontoret. I natt var det vårlege 4 grader, og den langerma pysjen og den ekstra store tekoppen er tilbake frå innerst i skapet!

Likevel kom energien over meg (slapp av, dette er nok eit heilt forbigåande fenomen), og eg spratt opp og ut i regnet for ein rundtur i trimløypa! Jepp, Friskus Nytun, du har smitta meg! Og medan eg tasla der i regnet med ZZ Top på øyret og relativt godt driv oppover bakkane slo det meg: det er eigentleg ganske deilig å få stumpen ut av sofaen og nasa ut av bøkene for ein gongs skuld!
I det siste har både blogging og trening lede under kombinasjonen skulebøker og til tider hyperaktivt sosialt liv, og det å tøme hovudet og få litt frisk luft i lungene gjorde underverk! Rett nok oppdaga eg på turen at skikkeleg tungt sommarregn tydelegvis er mykje våtare enn oktober/novembervarianten, men det kan vel kanskje ha noko med at ein er litt meir mentalt forberedt på det då.. Kvart einaste plagg eg hadde på meg måtte iallfall vriast då eg kom heim,men då kunne eg ta fatt på bøkene med litt meir entusiasme enn eg har klart å oppdrive i det siste.

Av sosiale høgdepunkt må eg nemne champagneaften med nokre kollegaar på torsdag, der vi feira gode nyheter eg ikkje skal utbrodere meir her, og overraskelsesfesten i anledning Annette sin bursdag!
Ho vart 25 (-ish) på fredag 1. juni, og vart litt smådeppa då ingen kunne vere med ho å feire.. Lite visste ho då at fleire av hennar næraste vener og ektemannen over fleire månadar hadde samansverga seg bak hennar rygg for å gje ho ei feiring ho aldri skulle gløyme!
Så mellom 19.00 og 19.30 seig vi til den leigde sjøbuda, og håpa ingen (altså Annette) såg oss..
19.45 tikka meldinga inn frå ektemannen: "No køyrer vi!". Då gjekk alle gjestene like godt ut, tok kvarandre i henden og stansa bilen, der ei sjokkskadd Annette (som trudde ho skulle på restaurant og ete middag) vart sungen bursdagssong for, og klemt etter alle kunstens reglar.
Dessverre låg kameraet mitt nederst i veska for denne seansen, og der holdt det seg dessverre heile kvelden, så, kjære lesar, du får berre prøve å forestille deg.
Utan å overdrive det minste kan eg beskrive kvelden som ein strålande suksess frå ende til annan! Vi åt, drakk, song, drakk, Annette opna pakkar, vi drakk, vi hadde selskapsleikar, og så tok vi like godt ein liten drink etterpå.. Ingen eg har snakka med er heilt sikre på når vi tok kveld, Hanne tippar på rundt 02.00, eg er ikkje sånn veldig uenig, så vi går for den!
Ein herleg kveld, men ingenting overgjekk den gleda Annette la for dagen då sjokket gjekk over, og kor artig det var å kunne overraske ei så flott dame sånn! Gratulerer med overstått, jenta mi!
Det er ikkje bursdag utan krune til bursdagsbarnet!      



Trur eg kan love å oppdatere bloggen oftare no, sidan sola har teke sommarferie, og det har ikkje eg..
Innmellom mine djupdykk i bøkene, skal eg nok finne ei stund til litt småskravling i skrifteleg form!
Kan rett nok ikkje love at alt er like relevant for Frankrike-turen, då...
Au revoir!

torsdag 24. mai 2012

Å Vestland, Vestland!

Merkeleg med dette, hyppigheta i mine bloggoppdateringar vert sterkt påverka av vêret!
No må vi ha vore skikkeleg snille, sidan det no i slutten av mai er eit opphald i den vanlege syndefloden, og vi vert vekkskjemde med sol og varme..

Dette kan jo ikkje kastast vekk, så Friskus Nytun og eg har vore hyppige å sjå i skog og mark.
I går tok vi på nytt turen til Skongsnes fyr, og der var om mogeleg endå finare enn sist!




På turen fram tok vi den vanlege løypa over fjellet, men på tilbakevegen fann vi ut at vi trengde nye utfordringar.
Difor tok vi fjøra tilbake, og der var ein del klatring og bruk av nye og ukjende musklar! Etter ei stund kom vi fram til Skongsneshellaren. Ganske imponerande å sjå kva naturkreftene kan gjere!
Åse Berit inne i hellaren, i kjent positur med kamera..

...for å få omtrent dette biletet.

Etter ein kjapp fotosession gjekk, klatra, kraup og kleiv vi vidare, og innimellom trur eg til og med vi var innom råsa! Turen munna ut på Halsørsanden/Sætresanden (kjært barn osb), og når vi nådde målet var vi ikkje seine om å få av oss våte fjellsko og vasse uti. Ja, vatnet var litt kaldt, men sanneleg gjorde det godt for slitne bein! Faktisk så godt at eg fall for freistinga å dyppe meg litt.. (Vatnet var framleis litt kaldt...)

Åse Berit har sjølvsagt òg skreve ein epistel, med fleire bilder og nerdefakta. Den finn du her: http://friskusnytun.blogspot.com/2012/05/skongsneshellaren-og-andre-oppdagingar.html

Men hadde vi fått nok av fjellet for veka då? Neida!
Sidan vi allereie har besigra Synnevahornet og Brurahornet, syns vi at vi måtte ha eit tredje horn for å få eit høveleg tal på det. Derfor tok vi fjellsko og sekk på i dag òg, og sette kursen mot Børahornet. Herleg tur! Passeleg fønvind heldt solsteika på eit behageleg nivå, utsikta vart finare for kvart steg, og ikkje visste vi ordet av det før vi var framme.
Ein gong sekretær, alltid sekretær.. Sjølv på fjellet!
Fleire bilder og nerdefakta her: http://friskusnytun.blogspot.com/2012/05/brahornet.html

Med slike friskustakter og eit berg av lovdata å setje meg inn i, må eg nok heilt ærleg innrømme at den franske grammatikken har lege litt brakk siste veka.. Men med slikt nydeleg vêr, som eg sikkert ikkje ser maken til før eg faktisk er i Frankrike, har eg bevilga meg sjølv ein liten lesepause!
Det skal jo først og fremst vere moro, og ikkje endå ein ting på den alltid veksande to-do-lista..

Difor, mes amies, skal eg no tasle i retning køya med den fasinerande boka "Rettigheter og plikter ved sykdom, svangerskap, fødsel og adopsjon" og sjå om litt trygdebestemmelsar finn vegen inn i hjernen!
Og de av mine vener som kjem inn under mitt område, kan de vere så snille å ikkje vere sjuke meir enn 16 dagar i slengen og helst ikkje få så masse ungar? Blir sånn inderleg papirarbeid av slikt! ;)

lørdag 12. mai 2012

Résumé de Semaine

Pardon, leeeenge sidan sist blogginnlegg!
Dette har nok mest å gjere med at eg har dreve med fint lite franskrelaterte greier siste veka, men så bekymringa ikkje skal bli for stor, kan eg heller ta ei kjapp oppsummering av aktivitetane:

Fredag 4.mai: Synnevahornet i snøstorm!
Denne har sjølvsagt Friskus Nytun blogga om, så den kan de lese om her: http://friskusnytun.blogspot.com/2012/05/sunnivahornet-friskus-og-helseguru-pa.html
På toppen av Synnevahornet, 689 m.o.h. Vi var veldig stolte av oss sjølve!

Laurdag 5. mai: Hanne sin bursdag!
Kanapear vart tilverka, eg smatt inn i min nye, knallorange kjole, og opna kvitvinen.. Meget triveleg kveld!
Bursdagsbarnet, med eit stadig tomare glas av Unni sin patentpunsj..

Åse Berit, Linn og meg i stråååålande form!

Søndag: Zzzzzzzz....
Måndag: Kor
Tysdag: Trening (le figure trés chic igjen!)
Onsdag: Lide for treninga (gongsperre.. Au!)
 Torsdag: Brurahornet i strålande sol (WTF?!)
Ut på tur, aldri sur! 

 Og denne turen har sjølvsagt Åse Berit dekka her http://friskusnytun.blogspot.com/2012/05/brurahornet-og-gottrysa.html.

Fredag: Terapeutisk inntak av ting i stetteglas
Laurdag: Angre på at eg sa ja til å hjelpe til i konfirmasjon, og dermed måtte slepe lekamen opp av senga i rimeleg tid for borddekking og pynting av bedehus. Men det gikk jo så fint, berre eg kom i gong!

Og i morgon er då dagen for sjølve konfirmasjonen til Lise-Mari, dottera til min kollega Ellen, og eg skal ta på meg mi fabelantiastiske (jepp, klarte ikkje å velge mellom fabelaktig og fantastisk..) kystdrakt, og vere tenande ånd i nokre timar.

Så der har vi det, ei veke i Unni sitt fasinerande liv, når eg ikkje driv med noko som ein gong er fjernt relatert til språkreisa i august, unnateke grammatikkpugging i ledige stunder.
Men er jo grenser for kor ofte eg kan klage over sære franske grammatikkreglar før du går frå vetet, kjære lesar! :)

torsdag 3. mai 2012

Une élève très dilligent!

I går måtte stakkars Unni utføre sine korplikter med noko mindre glede enn vanleg..
Den årlege basaren er i gang, og å bruke mine hardt oppsparte avspaseringtimar på å sitje basarvakt var ikkje heilt det eg hadde i tankane! Men eg bevæpna meg med fransk grammatikk og språklære, og fekk 3 timar nesten uforstyrra pugging av bestemmerar og kjønnsbestemte artiklar!

Oppdregen i den tid der kvinner og menn skal vere tilnærma like, kan det jo vere litt trøblete å innsjå at ei kvinne ikkje kan vere "le" om ho så ynskjer, og kven skal hindre meg i å bruke "la" om ein mann? Franske grammatikkreglar, that's who...
Men trur kanskje det synk inn snart, er jo ikkje så mange sære, uregelrette verb og underlege sakjer som i norsk (og då særleg nynorsk, som er eit kasusspråk, men som eg etter snart 30 års trening kjenner eg beherskar ganske grett ;)
Les Fracaises si snåle innputting av artiklar som annakvart ord, og desse aksentteikna over tredjekvar bokstav skal vel òg gå greit, så lenge eg klarar å lære meg forskjellen på `og ´..

Vel, det får halde med grammatisk klagesong for i dag, helga nærmar seg med stormskritt!
Eller som eg og Åse Berit seier kvar onsdag etter lunsj: det er jo pratisk talt helg!
Derfor tenkjer eg ei lita polferd seinare, kanskje med eit litt sprudlande tema, sidan det jo er dobbel bursdagfeiring på laurdag..
Stor bildereportasje til helga! Sjå kjolane, sjå bildene!
(Sjå dansing på bordet og diverse anna utilrådeleg åtferd... Neida, mamma, vi skal vere så snille at..)

tirsdag 1. mai 2012

Beucoup de Livre!

Vel heime etter Bergensturen, og sanneleg har eg fått kvalitetstid med mi kjære venninne!
Eg hadde ikkje vore i byen meir enn 15 min, før eg vart leia ut i freisting, og inn på Pastasentralen.. Der la eg dietten på hylla for middagen, som bestod av nydeleg blåskjellspasta med kvitvinssaus.. Nam!
Men vi var flinke etter middag, handla inn grønnsaker og yoghurt til snacks, og trakk oss tilbake til Benedikte si leilighet for sofaslanging og småprat ut i dei små timar...

Neste morgon starta vi relativt tidleg, i strålande sol (sjølv om vi var i Bergen) og målet for dagen var Norli Bokhandel si internasjonale avdeling!
Denne bokhandelen har 2 butikkar, ein på kvar side av gågata, og vi la kursen mot der kjentkvinne Benedikte meinte sjansen for å finne noko var størst..
Har eg forresten tidlegare nemnt kor fasinert eg er av bokhandlar? Jo større, jo betre, og her strakte herlegdomen seg over fleire etasjar! Store hyller med kokebøker, masse faglitteratur om alt mellom himmel og jord, samlingar frå Shakespeare og Jane Austen, vakkert innbunde og ei pryd for kvart eit bibliotek.. Kor eg enn snudde meg var det noko eg ville ha! Men etter ei viss tid, rista unge Benedikte meg ut av drøymeria, og fekk meg til å hugse kvifor vi var der: Livre de Francais! Eller franske bøker (trur eg må få meg undertekstar, slik som eg blandar språk til tider..).
Etter å ha fått det vi meinte var eit bra overblikk over den avdelinga vi var i, og ikkje fann verken fransk skjønnlitteratur eller grammatikkboka eg så desperat treng, kryssa vi gata til neste avdeling. Der forsvann målrettinga mi nok ein gong.. Kunstbøker, bøker om musikk, notar, biografiar.. Sikle! Takk og pris for min gode ven, som nok ein gong tok ansvar, tørka siklet av haka mi og drog meg i retning av språkbøkene. Sidan ho i tillegg underviser i språk, nytta eg meg av fagkunnskapen hennar, og i samarbeid fann vi ein prima fransk grammatikk, med arbeidsbok og spesielt fokus på forskjellane mellom norsk og fransk. Fabelaktig! Men eit par skjønnlitterære treningsobjekt, hadde vi stadig til gode å finne.. Så vi spurde damene bak disken, og sprudlande og smilande henviste dei oss til den butikken vi allereie hadde vore i!
Jaja, tenkte vi, då burde vi kanskje ha teke på oss brillene i dag likevel... Vi vandra ned trappene, og sidan Benedikte er på jakt etter ei spesialutgåve av TP som ho ikkje finn nokon plass, tok vi ein ekstra etasje ned til spelavdelinga. Det eg ikkje var forberedt på, var at der var det endå fleire kokebøker!
Eg vart kjapt overfalt av "Det Franske Kjøkken - en reise for matelskere", som faktisk nekta å sleppe handa mi.. Og sidan den var merka med "Superpris 199,-" gjorde eg kanskje ikkje så veldig motstand, då den praktisk talt hoppa ned i posen min, og la seg godt til rette saman med grammatikkbøkene (sjølvsagt etter at eg hadde betalt, då...).
Men det var den skjønnlitteraturen.. Vi tok på nytt turen over gata, og sidan vi no visste at dei skulle vere her ein plass, fann Benedikte straks hylla med franske bøker. Og der fann eg Jules Verne på originalspråket! I paperback, slik at eg hadde råd til to! "De la Terre à la Lune" og "Cinq semaines en ballon" vart med meg heim. Men då var no unge mademoiselle Olsbø blakk..

Heldigvis var billetten heim både bestilt og betalt, så eg og Benedikte kosa oss med spasertur til Bergenshus Festning (der vi skal sjå Leonard Cohen i august, rett etter at eg kjem heim frå France), besøkte diverse galleri på Bryggen, sat ein time på ein parkbenk i sola og diskuterte alt mellom himmel og jord (det er herleg å vere både så like og så forskjellige.. Vi får alltid så gode diskusjonar, med respekt for kvarandre sine synspunkt, og om vi ikkje blir einige, så kan vi einast om å vere ueinige, gje kvarandre ein klem, og fortsette å nyte sola...).
Så titta vi på klokka, og fann ut at med gode 45 min til båten gjekk, hadde vi tid å sjå innom nokre morosame butikkar, sjølv om lommeboka ikkje tillot dei store utskeielsane.. Men sidan Benedikte nett har kjøpt leilighet saman med sin kjære Håkon, og har litt møblering å ta seg av, er det jo greit å få ei lita oversikt over kva som fins der ute! Så vi arbeida oss bortigjennom, såg og spekulerte, og kom til slutt bort til krysset der vi anten kunne gå vidare opp gata, eller bort til kaia der eg skulle ta båten. Benedikte sjekka klokka, eg såg kor ho kvitna, og ho spurde meg "Når var det den båten gjekk att?" "16.30" "Det er det klokka er no!" Vi la på sprang, eg slengde nøkkelen til oppbevaringsskapet mitt på terminalen til Benedikte (som sprang igjennom terminalen for å røske med seg bagen min), og eg spurta for berre livet langs sjøsida av terminalen, for å prøve å få stoppa båten.. Eg kom fram til kaia akkurat i tide til å sjå Måløy-båten bakke ut frå kaia, og forsvinne i det fjerne...
 Orda som deretter kom ut or munnen min skal av omsyn til din sjelefred, kjære lesar, ikkje takast opp att her..


Men kven seier at den siste gentleman er død?!
Karane på båten som skulle til Sogn, og som eigentleg òg hadde lagt frå, la til kai att, fekk meg om bord, ringte opp til Måløy-båten og fekk meg på rett båt ved første stopp begge la til på..
Så takka vere deira innsats, kunne eg i går kveld setje meg i eigen sofa, med eit lite glas kvitvin og pakke ut innkjøpa mine. Blakk som ein fjording, men endeleg hadde eg i hende fransk grammatikk, 2 Jules Verne-bøker, ei stor bok om fransk mat og (takka vere Benedikte som har hatt sommarjobb på turistinformasjonen i Bergen) 2 brosjyrer om fjord-Noreg på fransk, for dei dagane eg vil øve meg litt, men ikkje tør meg på ei heil bok..

Takk for ein strålande dag, Benedikte, men neste gong trur eg vi bereknar LITT betre tid på båten.. :)

mandag 23. april 2012

På jakt..

Sidan Narvesen tidt og ofte reklamerar med at dei er dei beste på blad, tenkte eg i mitt enfold at der var plassen å gå for å finne eit fransk blad av eit eller anna slag.. Håpet er jo lysegrønt og så vidare..

Eg har nemleg lest "Eat, Pray, Love" (sånn rundt rekna ørtifire gonger), og hovudpersonen der, i sin kamp for å beherske italiensk, kjøpte ei italiensk avis (rett nok mens ho faktisk var i Italia) og kjempa seg igjennom minst ein artikkel for dag, ved hjelp av ordboka. Dette virkar på meg som ein ganske smart måte å få inn språket på, så etter jobb i dag bega eg meg til Narvesen, der eg rekna med å kunne velge på øverste hylle. I overført betydning, sjølvsagt, då øverste hylle der er forbeholdt blad for eit litt meir vaksent publikum.. (Ikkje at eg er barnsleg, eg er berre så veldig ung til sinns!) Men den gang ei.. Fann ovsleg med engelske, tyske og svenske blad, eit på spansk var faktisk òg å oppdrive, men på fransk var der berre eit einsleg lite interiørblad. Då eg nettopp er ferdig med å pusse opp mi vesle (sterkt hippie-inspirerte) leilighet, følte eg ikkje trangen til å lese om chice små Paris-leiligheter, det hadde nok berre kasta meg inn i nye målingsprosjekter og økonomisk ruin.. (Og sjølv om eg har dei beste husvertane i verda, trur eg kanskje sjølv dei hadde sett ned foten om eg fann det for godt å pusse opp forandre gong i løpet av knappe 9 månadar..)

Derfor har eg tankar om å vere om meg neste helg, då eg tek meg ein liten ekskursjon i retning Bergen, for å besøke ei av mine aller eldste venninner! Rett nok er Benedikte, som vesenet heiter, eit år yngre enn meg, men vi har vel faktisk kjent kvarandre i over 20 år.. (Merde, no følte eg meg gammal...)
Faktisk heilt sidan vi var så små:
Legg merke til dei fabelaktige joggedressane.. Jepp, dette var 80-talet på sitt beste...

However, regnar med at min gamle ven kan geleide meg i retning av ein meir velassortert bladhaukar, og kanskje gje meg nokre tips med på vegen, då ho underviser både i engelsk og spansk. Fransk er jo berre eit lite hopp over grensa? Skjønt, når ein ser kva misforståelsar som kan oppstå mellom oss og svenskar...
Ein svensk bekjent kunne ikkje heilt skjøne kvifor folk såg så rart på ho då ho sa ho hadde "vært hemma og stedat og pulat lite".. Ho meinte jo at ho hadde rydda og pusla litt, men vi nordmenn syns kanskje ho var litt vel open om privatlivet..

Vel, som sagt, håpet er vårgrønt, sola skin, og god tru og store sko har hjulpe så mang ein idiot. Trur dette skal gå bra, eg!

lørdag 21. april 2012

Une Soirée Mémorable

I går var kvelden for min franske aften, og eg synes det vart ein ubetinga suksess!
Flott kveld, godt selskap og fabelaktig humør all around :) Men la oss begynne med byrjinga..

Aldri har det svarte holet som oppstår kvar fredag og får tida fram til jobbslutt til å gå saaaakte oppstått tidlegare enn i går! Allereie før lunsj hadde nokon helt sirup i urverket, men på ein eller annan måte vart klokka halv 4, og vi kom oss heim..
Sidan eg allereie hadde laga hovudretten, trengte eg berre å gå heim, legge siste hand på pyntinga og hoppe inn i la petit noir.
Sjølv ikkje Jimi-pus slapp unna å bli pynta

Meg og Jimi klare for kvelden
Åse Berit med velkomstdrinken i hand
Åse Berit var på plass allereie halv 6, og før matserveringa 7 hadde alle godjentene innfunne seg.
Eg serverte musserade velkomstdrinkar, og forvventninga steig etter kvart som matlukta fylte leiligheta og magane murra.
Alle jentene mine! Frå venstre: Annette, Åse Berit, Hanne, Bente og Linn
Bouef Bourguignon kom på bordet, og ei stund var dei einaste lydane mellom oss vanlegvis så vokale damene "Mmmm", "Nydeleg" og "Herleg mat, Unni!". Sjølv Hanne, som vanlegvis ikkje likar raudvinssaus, og Bente, som ikkje likar sopp, naut maten, og eg voks fleire cm for kvar kommentar. Herleg når noko ein har jobba med blir sett så stor pris på! Hadde kanskje beregna litt knapt då, etter at vi alle var forsynt var der omtrent 4 brokkolibukettar og ei ause saus att..
Men så var det over på desserten, sjokoladesuffle!

Eg var litt nervøs for den, ein kan ikkje forberede sånt på førehand, og eg har aldri laga det før.
Etter å ha smelta 1 1/2 plate sjokolade medan mikseren piska 6 eggekviter stive, blanda eg eggeplommene, 75 g sukker og sjokoladen. Så vendte eg forsiktig inn dei stive eggekvitene, og fordelte i 6 former, som eg hadde smurt og hatt sukker i. Deretter var det inn i omnen for eit kvarter, og eg tok eit glas vin på altanen, medane eg kryssa fingrane og håpa at dei heva seg!
Sannhetens augneblikk

Då eg tok dei ut av omnen, hadde jentene benka seg rundt bordet igjen, og snuste inn sjokoladelukta. Eg hadde helde eit auge med omnen, og sett at dei heva seg, men frykta at dei ville kollapse med ein gong eg tok dei ut.
Men nei! Dei heldt seg høge og fine, og eg flytta formene kjapt over på fat for servering. Nok ein braksuksess! Eg kunne puste letta ut..



Så var tida inne for frukt, ost og kjeks, og vin, øl og brus, alt etter kva folk likte. Dessverre måtte Annette forlate oss etter maten, men det tek vi att neste gang! Praten gjekk livleg rundt bordet, og magemusklane til samtlege fekk trimma seg temmeleg ettertrykkeleg, ettersom eine latterkula avløyste hi.. 
Kort sagt, ein herleg kveld!
Vertinna pustar letta ut med eit lite glas vin..


 Litt ut på kvelden bestemte vi oss for å ta turen til næraste uteplass, der vi slappa av med nokre drinkar, og praten gjekk vidare ut i dei små timar. 
Ein er aldri fattig om ein har gode vener, og sannelig kjenner eg kor rik eg er etter slik ein kveld!
Merci, mes amies!








torsdag 19. april 2012

Soga om Boeuf Bourguignon

Då har eg faktisk for første gong i mitt liv, laga Boeuf Bourguignon!
Ikkje var det så vanskelig som eg hadde trudd heller, berre fryktelig mange omgongar å gjere ting i..
Først måtte ein brune bacon og svor i olje, så brune kjøttet i same oljen, so brune grønnsakene, og deretter heller ein i ei flaske vin..

 
Midtvegs i kjøtbruninga. Hugs å tørke kjøtet først, eller så blir det ikkje skikkelig brunt!

I love cooking with wine, sometimes I even put it in the food!

Deretter skal alt sammen putre i 3 timar, mens godlukta brer seg i huset, og ein stakkar kan gå heilt frå vetet.
Mens dette putrar må ein brassere sølvløken og sautere soppen, og til slutt må ein sile av kjøtet, redusere sausen, dandere løken og soppen over, og når sausen er tjukk nok heller ein den over. Oppskrifta finn ein her: http://cooking.knopfdoubleday.com/2009/07/13/julia-childs-boeuf-bourguignon-recipe/
Løkbrassering med krydderbukett

Det som slo meg, medan eg stod der og kjempa meg oppskrifta, er at her har vi ei originalt fransk oppskrift, med metriske mål og europeiske råvarer, som Julia Child i si tid brukte evigheter på å omsette til amerikanske mål, og så sit eg her, og bannar mens eg prøvar å omsette den tilbake! Mistenke eg kunne spart meg litt på å berre finne den på fransk.. Men det språket beherskar eg nok enno ikkje så godt at eg tør meg på kulinariske utskeielsar med berre det som hjelpemiddel!

I morgon, mens gjestene er her, skal eg gjere mitt første forsøk på sjokoladesufflè! Har høyrt det skal vere vanskelig, og må sei at eg lurar litt på kva eg har teke på meg... I verste fall får dei ete sjokoladerøre!
Full rapport med bilder kjem ein eller annan gong på laurdag, alt etter når oppvasken er teken og hovudet mitt klarar å formulere fornuftige setningar...

Uansett, de har sett klientellet, de veit menyen.. Dette har alt potensiale til å bli ein kjempekveld!
Gledar meg!

onsdag 18. april 2012

Kjapp presentasjonsrunde del 2

Mitt franske middagsselskap nærmar seg med stormskritt, og det er vel kanskje på tide å presentere resten av gjestene!





Dette er Linn, ein fellow sopran med gullstrupe og nesten like sprø sans for humor som meg! Vi har ein intern humor som mykje baserer seg på kaniner og kaffi, og står ikkje vi i lag på korøving, så er der noko som manglar.. Vi har tømt så mang ei vinflaske i lag, og vår felles pasjon for brie og camerbert kjenner ingen grenser! Ho er vel gift med Frank, og har to nusselige små. Heldigvis tek gjerne Frank si økt ein og annan fredagskveld, slik at vi kan få fornya våre laurdagsløfter om å aldri drikke igjen...




Dette vakre vesenet er Bente, ei jente som kan synge "Velsignelsen" på ein slik måte at ein får tårer i augene og kjenner seg velsigna heilt inn i sjela! Ho har eit fabelaktig kjøkken, noko eg gjerne benyttar meg av, og tenkjer at eg skal no få husmor av ne enno.. Prosjektet går stadig framover, og så langt har vi takla både julebakst (med lefser!) og lavkarbo-middagar. Kjem ein ut på fjellet der ho har busett seg saman med Bjarne og pusane Sussi og Ingolf, blir ein alltid møtt av eit stort smil og ein tekopp. Godjenta!




Annette er originalt frå Liverpool, og er den einaste eg kjenner som sler over i engelsk nesten like ofte som meg! Bildet er frå ein konsert der ho sang "The Show Must Go On", og når denne jenta tek i, er det berre å gje seg over.. Kjempeentusiastisk i alt ho driv med, og korleis ho får tid til alt, med sin kjære Ronny offshore tidt og ofte, og 3 sjarmerande søner, er for meg eit mysterium. Hennar "franske" aksent er som teken rett ut av 'Allo 'Allo, type Yvette, og difor kan ein jo ikkje avvikle ein fransk kveld utan denne jenta!

Så der har du dei, kjære lesar! Alle godjentene mine, som skal prøve mitt første forsøk på fransk kokekunst kommande fredag. Bente og Hanne er framleis ikkje heilt sikre på om dei kan, men eg kryssar fingrane..
I morgon skal eg begynne å forberede maten, så om eg ikkje kappar av meg nokre fingrar, blir det nok ei innhaldsrik skildring av mine kjøkkeneventyr.
Men fram til då; Bon Soir, mes petitès!

tirsdag 17. april 2012

Le figure très chic

Noko eg alltid forbinder med franske kvinner, er at dei er små, nette, elegante og velstelte i små svarte kjolar heile gjengen.
Rett nok har eg frå sikre kjelder at eg kanskje har eit i overkant glamorøst inntrykk, men slik er det no berre..
Derfor vil eg jo slett ikkje stå tilbake for dei innfødte når eg kjem til la belle France, og då hjelper det å kjenne ein friskus som dreg meg med på tur i ny og ne!

I dag var det nok ein av desse fantastiske vårdagane ein får her på Vestlandet; sol, blå himmel, mørkeblått hav.. Kort sagt ein dag som skapt for ein sjølvutnemnd friskus (Åse Berit) og ein friskusutnemnd helseguru (meg) å vandre ut i naturen etter jobb!
Skongsnes Fyr vart målet, og du og du for ein nydeleg tur det vart!
Sola skein, fuglane song, og Åse Berit sitt og mitt kamera klikka i kor, medan vi gjekk den 45 minutters turen utover. Turistforeining meinte rett nok at dette er ein times tur, men dei hadde ikkje rekna for to spreke blondiner med kontorjobbar og overskotsenergi..

Tunet ved Skongsnes Fyr


Åse Berit vel framme


 Vi tok ein liten omveg om fjøra på veg heim.


Etter min start på dagen (magen min er ikkje glad i meg i dag), spøkte det for heile ekspedisjonen, men etter at eg karra meg på jobb ved lunsjtider, steig forma stadig, og kvart på fire var eg nesten den same gamle att. Heldigvis! Denne turen var så verdt det! Sist eg var her ute, for nokre år og kilo sidan, var nemleg turen betrakteleg lengre enn den var no. Herleg å kjenne at forma kjem seg!
Sånn sett er ikkje biletet eg har i hovudet av meg sjølv på fortausrestaurant i Montpellier i le petit noir, mens eg nippar til ein cafe latte og nyt utelivet slett ikkje så langt unna, og kjem nærare dag for dag.
Gledar meg, gledar meg, gledar meg!

søndag 15. april 2012

Etter nøye prøvesmaking har eg funne ut at ja, der er ein fransk vin eg likar!
Den heiter Promenade, som de ser på biletet, og er faktisk rett god, og gav meg heller ikkje kuppelhovud!
Prøvesmakinga føregjekk i heller rudimentære former på feiringa av ein kollega sin nært foreståande pensjon, der eg sjølvsagt hadde klart å rote meg inn i komitèen..
Heldigvis var mykje av jobben min i forarbeidet, så når kvelden kom var det berre å smette inn i "le petit noir", trive næraste vinflaske, og prøve å gjere sågodt inntrykk på mine kollegaar som på nokon måte mogeleg.
Har jo ikkje jobba der meir enn 9 mnd, berre så vidt ferdig med prøvetida, så ein kan jo prøve å verke som om ein er eit relativt oppgåande menneske på fritida òg. Kor godt det lykkes meg får vi evaluere på jobb i morgon :)

Helgene flyg dessverre så altfor fort, eg kunne godt tenkt meg fleire solrike morgonar der eg kan nyte morgenteen i friluft mens Jimipus prøva å fange frokosten min.. Men i morgon er det nok på'n igjen, med morgonmøte og det hele, så eg tenkjer å klappe att laptopen min og heller nyte dei siste solstrålande eg har tid til på nokre dagar! Og her på det vakre Vestland er vi jo ikkje bortskjemde med sånt..
Skal heller skrive eit djupfølt og rørande epos av eit blogginnlegg på ein dag med regn!
Bon Soir!

torsdag 12. april 2012

Ein veit ein har det travelt når..

Ein veit ein har det travelt når ein ikkje eingong ha tid til å blogge om kor travelt ein har det!
Sidan sist har eg vore på opptil fleire festar, komt meg etter opptil fleire festar (det kan tidvis vere eit heildagsprosjekt), besøkt mine foreldre, rota meg til Skodje, av alle plasser (Hanne si skuld, sjølvsagt;), kor, jobb (denne jobben kjem virkelig i vegen for mitt sosiale liv til tider) og mating av Åse Berit (som omtalt i den fantastiske bloggen http://friskusnytun.blogspot.com/).
Sjølv no heng eg berre stumpen nedpå mellom jobb og besøk, med ein pensjonsfest i horisonten for morgondagen, men i går fekk eg ein slik bloggeinspirasjon som eg aldri har hatt før:
Traff Annette (veldig trivelig jente frå koret, vert nok nærare beskriven seinare, må berre legge meg i bakhold med eit kamera først...), og som vanleg når to Stormklangerar møtes, så vert det ein del prat om laust og fast (mest laust).. Men vi hadde jo begge andre plasser vi skulle ha vore, så vi måtte springe vidare kvar til vårt. Eg var heilt borte ved trappa på kjøpesenteret, og ho var halvvegs ut døra då ho snur seg og ropar halvhøgt: "Forresten, eg diggar bloggen din!"
Needless to say, eg fekk nokre blikk..

Og etter slik åtgaum må ein jo berre ta seg tid!

I dag har mi franske utdanning foregått på Vinmonopolet, der vi skulle prøve å finne ein fransk vin eg kunne leve med.. Eg er svært glad i vin, men har alltid holdt meg i Tyskland, Australia eller USA, fordi eg syns at franske vinar kan bli i overkant garva og småbitre.. However, ein kan jo ikkje gje seg på tap!
Betjeninga på det lokale polet har etterkvart blitt vande til at eg strenar rett inn, tuslar rundt i hyllene og plukkar litt her og der, les, spekulerer og tenkjer litt for meg sjølv, utan at dei treng å passe så mykje på meg. Difor vart dei ein tanke forundra i dag, når eg faktisk bad om hjelp! Med påska og fjellvettregelen om å lytte til kjentfolk før ein bega seg ut på fjelltur friskt i minnet, regna eg med at dette også gjaldt mindre ekspedisjonar som polferder og sånt. Når den hyggelige dama bak disken kom seg etter sjokket, var ho sjølvsagt hjelpsomheta sjølv, og vi fann fram til to vinar til drikking, og ein som eg skal putte i gryta når eg tilbereder Beouf Borgougine for ein gjeng spreke damer neste fredag.
Dette vert sjølvsagt emnet for ein stor fotoreportasje om ei vekes tid, so stay tuned!

Eg prøvar og å finne fram til litt fransk musikk.. Så langt er ikkje jakta så veldig vellykka, men skulle nokon ha nokre tips, så er kommtarfeltet ope for alle!

onsdag 4. april 2012

Kjapp presentasjonsrunde

Vi er vel kjeme til det tidspunktet i ein blogg der eg har slengt såpass rundt meg med namn at eg kanskje burde presentere dei som kjem til å figurere mest hyppig på desse sidene!
Voila!

Dette sporty vesle mennesket er Åse-Berit, meget vennlig innstilt menneske som innehar kontoret vegg i vegg med meg. Vi fann tonen med ein gong, og når vi attpåtil fann ut at eg i fjern fortid har tilbrakt 2 år på skulebenken saman med bror hennar, då var vi jo nærast som tjukke slekta å rekne!
Arbeidstittelen hennar er konsulent, og sjølv om ho kanskje styre mest med eigendom og kart og sånt, så finn eg det for godt å konsultere ho om alt mellom himmel og jord, og stikk ofte innom for å kvitre irriterande når jobben går bra, frese når jobben går dårleg og generelt distrahere ho frå det ho eigentleg burde pusla med. Noko eg òg må nemne om denne dama, er at ho har ein usedvanleg høg toleranse for min blomstrande galskap, og no ikkje eingong hevar eit augebryn når eg strenar inn på kontoret hennar og stangar hovudet i bokhylla i frustrasjon over sjefen, kollegaar og tilfeldig forbipasserande.

 Her har vi Hanne, som stadig leier meg ut i freisting, sjølv om eg klarar utmerket godt å gå sjølv.
Ho er mamma til Nanna og John-Olav, som nærast har adoptert meg, og eg har unektelig gjett eit par karar hakeslepp ved å presentere ho som mor til mine barn ;)
Vi begynte vennskapet ved å tømme ein nærliggande restaurant for kvitvin under eit arrangement for jobben til våre dåverande ektemenn, og sidan har det rent mykje vin i glasa!
Vi kvitta oss med nemnde ektemenn omtrent samtidig, og har sidan hjulpe kvarandre med det meste; måling, matlaging, ny musikk, gammal musikk...
Turen vår til Ikea i vinter har seinare blitt legendarisk, og eg angrar framleis på at eg ikkje tok bilder av dei stappa handlekorgene våre! 2 (to) på kvar! Handlelappane var lange som eit ilt år, men skal ein innrede 1 1/2 leilighet, så blir det sånn!
Hanne røskar meg stadig ut av mine eremitt-tendensar, og forar meg tidt og ofte. Knapt ein søndag går uten at vi bestig eit eller anna fjell, sjølvsagt med mindre laurdagen vart ein tanke meir festleg enn vi hadde i tankane ;) I det store og det heile, eit uunnværlig tilskot i kvardagen! (And yes, she is single..)

Linn og Bente er òg to godjenter som kjem til å figurere her mykje, men eg har rett og slett ikkje bra nok bilete av dei to! However, dei kjem hit i kveld, og då skal eg legge meg på lur med kameraet..
Så ser ut som om denne presentasjonsrunden blir ein føljetong!

Sist, men slett ikkje minst, eit heilt kor!
Denne suspekte gjengen er Stormklang, eit fantastisk kor leda av ein gal, gal dirigent, Frode.
Både Hanne, Linn og Bente er med meg her, og vi har ei fantastisk stemning både på scena og på øving. Her har eg sjølvsagt klart å rote meg inn som leiar av Festkomitèen, note- og rekvisitaansvarleg og i revygruppa, så her er eg engasjert!
Så lenge vi har nok kaffi, og Frode er godt medisinert, så syng vi! Av og til til og med i rett toneart...

Det får vel vere nok for første etappe!
Kven veit, neste gong skriv eg kanskje noko om Frankrike-turen min, som faktisk er grunnen til at eg starta denne bloggen ;)
Bon Soire, touite!



mandag 2. april 2012

Sånn går nu dagan...

Bevilga meg ein liten bloggepause i går, sidan laurdagen vart ein tanke mindre eremittkveld enn planlagt..
Måtte jo ut og vere litt umoralsk støtte for mi kjære venninne Hanne, som tidvis er å finne bak baren på det lokale vatnholet, og då har det ein liten tendens til å balle på seg..
Men likevel var det slett ikkje bortkasta med tanke på språkreisa, då eg var så heldig å treffe på ein triveleg eldre kar ved namn Francois, halvt fransk, og meir enn villig til å rette på uttalen min og lære meg å banne på fransk!
Utruleg kven ein kan treffe på ein heilt vanleg laurdagskveld her ute i utbygdene..

For å fullende den lett internasjonale vrien på helga, vart eg sjanghaia av den same Hanne og bortført i retning næraste kinarestaurant når eg vakna til på søndag..
Lite råd med på vegen: dersom du bestiller fleirretters meny, er der alltid mat nok til minst ein person til! Etter vårrullar, svin, oksekjøtt og sausar nok til å mette ein liten armè, var vi veldig takknemlege for at trappa ut frå restauranten gjekk nedover, slik at vi berre kunne rulle ned og rett inn i bilen..
Dermed kom eg ikkje lenger på min franske utdannelse den dagen, men heldigvis er det lenge til august, og tenkjer dette skal gå bra!
Kan ein telje til 7, bestille vin og banne slik at ein bryggesjauer hadde rødma, då ligg ein godt i løypa..