tirsdag 1. mai 2012

Beucoup de Livre!

Vel heime etter Bergensturen, og sanneleg har eg fått kvalitetstid med mi kjære venninne!
Eg hadde ikkje vore i byen meir enn 15 min, før eg vart leia ut i freisting, og inn på Pastasentralen.. Der la eg dietten på hylla for middagen, som bestod av nydeleg blåskjellspasta med kvitvinssaus.. Nam!
Men vi var flinke etter middag, handla inn grønnsaker og yoghurt til snacks, og trakk oss tilbake til Benedikte si leilighet for sofaslanging og småprat ut i dei små timar...

Neste morgon starta vi relativt tidleg, i strålande sol (sjølv om vi var i Bergen) og målet for dagen var Norli Bokhandel si internasjonale avdeling!
Denne bokhandelen har 2 butikkar, ein på kvar side av gågata, og vi la kursen mot der kjentkvinne Benedikte meinte sjansen for å finne noko var størst..
Har eg forresten tidlegare nemnt kor fasinert eg er av bokhandlar? Jo større, jo betre, og her strakte herlegdomen seg over fleire etasjar! Store hyller med kokebøker, masse faglitteratur om alt mellom himmel og jord, samlingar frå Shakespeare og Jane Austen, vakkert innbunde og ei pryd for kvart eit bibliotek.. Kor eg enn snudde meg var det noko eg ville ha! Men etter ei viss tid, rista unge Benedikte meg ut av drøymeria, og fekk meg til å hugse kvifor vi var der: Livre de Francais! Eller franske bøker (trur eg må få meg undertekstar, slik som eg blandar språk til tider..).
Etter å ha fått det vi meinte var eit bra overblikk over den avdelinga vi var i, og ikkje fann verken fransk skjønnlitteratur eller grammatikkboka eg så desperat treng, kryssa vi gata til neste avdeling. Der forsvann målrettinga mi nok ein gong.. Kunstbøker, bøker om musikk, notar, biografiar.. Sikle! Takk og pris for min gode ven, som nok ein gong tok ansvar, tørka siklet av haka mi og drog meg i retning av språkbøkene. Sidan ho i tillegg underviser i språk, nytta eg meg av fagkunnskapen hennar, og i samarbeid fann vi ein prima fransk grammatikk, med arbeidsbok og spesielt fokus på forskjellane mellom norsk og fransk. Fabelaktig! Men eit par skjønnlitterære treningsobjekt, hadde vi stadig til gode å finne.. Så vi spurde damene bak disken, og sprudlande og smilande henviste dei oss til den butikken vi allereie hadde vore i!
Jaja, tenkte vi, då burde vi kanskje ha teke på oss brillene i dag likevel... Vi vandra ned trappene, og sidan Benedikte er på jakt etter ei spesialutgåve av TP som ho ikkje finn nokon plass, tok vi ein ekstra etasje ned til spelavdelinga. Det eg ikkje var forberedt på, var at der var det endå fleire kokebøker!
Eg vart kjapt overfalt av "Det Franske Kjøkken - en reise for matelskere", som faktisk nekta å sleppe handa mi.. Og sidan den var merka med "Superpris 199,-" gjorde eg kanskje ikkje så veldig motstand, då den praktisk talt hoppa ned i posen min, og la seg godt til rette saman med grammatikkbøkene (sjølvsagt etter at eg hadde betalt, då...).
Men det var den skjønnlitteraturen.. Vi tok på nytt turen over gata, og sidan vi no visste at dei skulle vere her ein plass, fann Benedikte straks hylla med franske bøker. Og der fann eg Jules Verne på originalspråket! I paperback, slik at eg hadde råd til to! "De la Terre à la Lune" og "Cinq semaines en ballon" vart med meg heim. Men då var no unge mademoiselle Olsbø blakk..

Heldigvis var billetten heim både bestilt og betalt, så eg og Benedikte kosa oss med spasertur til Bergenshus Festning (der vi skal sjå Leonard Cohen i august, rett etter at eg kjem heim frå France), besøkte diverse galleri på Bryggen, sat ein time på ein parkbenk i sola og diskuterte alt mellom himmel og jord (det er herleg å vere både så like og så forskjellige.. Vi får alltid så gode diskusjonar, med respekt for kvarandre sine synspunkt, og om vi ikkje blir einige, så kan vi einast om å vere ueinige, gje kvarandre ein klem, og fortsette å nyte sola...).
Så titta vi på klokka, og fann ut at med gode 45 min til båten gjekk, hadde vi tid å sjå innom nokre morosame butikkar, sjølv om lommeboka ikkje tillot dei store utskeielsane.. Men sidan Benedikte nett har kjøpt leilighet saman med sin kjære Håkon, og har litt møblering å ta seg av, er det jo greit å få ei lita oversikt over kva som fins der ute! Så vi arbeida oss bortigjennom, såg og spekulerte, og kom til slutt bort til krysset der vi anten kunne gå vidare opp gata, eller bort til kaia der eg skulle ta båten. Benedikte sjekka klokka, eg såg kor ho kvitna, og ho spurde meg "Når var det den båten gjekk att?" "16.30" "Det er det klokka er no!" Vi la på sprang, eg slengde nøkkelen til oppbevaringsskapet mitt på terminalen til Benedikte (som sprang igjennom terminalen for å røske med seg bagen min), og eg spurta for berre livet langs sjøsida av terminalen, for å prøve å få stoppa båten.. Eg kom fram til kaia akkurat i tide til å sjå Måløy-båten bakke ut frå kaia, og forsvinne i det fjerne...
 Orda som deretter kom ut or munnen min skal av omsyn til din sjelefred, kjære lesar, ikkje takast opp att her..


Men kven seier at den siste gentleman er død?!
Karane på båten som skulle til Sogn, og som eigentleg òg hadde lagt frå, la til kai att, fekk meg om bord, ringte opp til Måløy-båten og fekk meg på rett båt ved første stopp begge la til på..
Så takka vere deira innsats, kunne eg i går kveld setje meg i eigen sofa, med eit lite glas kvitvin og pakke ut innkjøpa mine. Blakk som ein fjording, men endeleg hadde eg i hende fransk grammatikk, 2 Jules Verne-bøker, ei stor bok om fransk mat og (takka vere Benedikte som har hatt sommarjobb på turistinformasjonen i Bergen) 2 brosjyrer om fjord-Noreg på fransk, for dei dagane eg vil øve meg litt, men ikkje tør meg på ei heil bok..

Takk for ein strålande dag, Benedikte, men neste gong trur eg vi bereknar LITT betre tid på båten.. :)

2 kommentarer:

  1. Høyrest ut som ein flott tur! Og flaks med båten då!!! Og så trur eg du kjem til å vere utlærd før du kjem deg på språkskule i det heile tatt;)

    SvarSlett