Vel heime etter Bergensturen, og sanneleg har eg fått kvalitetstid
med mi kjære venninne!
Eg hadde ikkje vore i byen meir enn 15 min,
før eg vart leia ut i freisting, og inn på Pastasentralen.. Der la eg
dietten på hylla for middagen, som bestod av nydeleg blåskjellspasta med
kvitvinssaus.. Nam!
Men vi var flinke etter middag, handla inn
grønnsaker og yoghurt til snacks, og trakk oss tilbake til Benedikte si
leilighet for sofaslanging og småprat ut i dei små timar...
Neste
morgon starta vi relativt tidleg, i strålande sol (sjølv om vi var i
Bergen) og målet for dagen var Norli Bokhandel si internasjonale
avdeling!
Denne bokhandelen har 2 butikkar, ein på kvar side av
gågata, og vi la kursen mot der kjentkvinne Benedikte meinte sjansen for
å finne noko var størst..
Har eg forresten tidlegare nemnt kor
fasinert eg er av bokhandlar? Jo større, jo betre, og her strakte
herlegdomen seg over fleire etasjar! Store hyller med kokebøker, masse
faglitteratur om alt mellom himmel og jord, samlingar frå Shakespeare og
Jane Austen, vakkert innbunde og ei pryd for kvart eit bibliotek.. Kor
eg enn snudde meg var det noko eg ville ha! Men etter ei viss tid, rista
unge Benedikte meg ut av drøymeria, og fekk meg til å hugse kvifor vi
var der: Livre de Francais! Eller franske bøker (trur eg må få meg
undertekstar, slik som eg blandar språk til tider..).
Etter å ha
fått det vi meinte var eit bra overblikk over den avdelinga vi var i, og
ikkje fann verken fransk skjønnlitteratur eller grammatikkboka eg så
desperat treng, kryssa vi gata til neste avdeling. Der forsvann
målrettinga mi nok ein gong.. Kunstbøker, bøker om musikk, notar,
biografiar.. Sikle! Takk og pris for min gode ven, som nok ein gong tok
ansvar, tørka siklet av haka mi og drog meg i retning av språkbøkene.
Sidan ho i tillegg underviser i språk, nytta eg meg av fagkunnskapen
hennar, og i samarbeid fann vi ein prima fransk grammatikk, med
arbeidsbok og spesielt fokus på forskjellane mellom norsk og fransk.
Fabelaktig! Men eit par skjønnlitterære treningsobjekt, hadde vi stadig
til gode å finne.. Så vi spurde damene bak disken, og sprudlande og
smilande henviste dei oss til den butikken vi allereie hadde vore i!
Jaja,
tenkte vi, då burde vi kanskje ha teke på oss brillene i dag likevel...
Vi vandra ned trappene, og sidan Benedikte er på jakt etter ei
spesialutgåve av TP som ho ikkje finn nokon plass, tok vi ein ekstra
etasje ned til spelavdelinga. Det eg ikkje var forberedt på, var at der
var det endå fleire kokebøker!
Eg vart kjapt overfalt av "Det
Franske Kjøkken - en reise for matelskere", som faktisk nekta å sleppe
handa mi.. Og sidan den var merka med "Superpris 199,-" gjorde eg
kanskje ikkje så veldig motstand, då den praktisk talt hoppa ned i posen
min, og la seg godt til rette saman med grammatikkbøkene (sjølvsagt
etter at eg hadde betalt, då...).
Men det var den
skjønnlitteraturen.. Vi tok på nytt turen over gata, og sidan vi no
visste at dei skulle vere her ein plass, fann Benedikte straks hylla med
franske bøker. Og der fann eg Jules Verne på originalspråket! I
paperback, slik at eg hadde råd til to! "De la Terre à la Lune" og "Cinq
semaines en ballon" vart med meg heim. Men då var no unge mademoiselle
Olsbø blakk..
Heldigvis var billetten heim både bestilt
og betalt, så eg og Benedikte kosa oss med spasertur til Bergenshus
Festning (der vi skal sjå Leonard Cohen i august, rett etter at eg kjem
heim frå France), besøkte diverse galleri på Bryggen, sat ein time på
ein parkbenk i sola og diskuterte alt mellom himmel og jord (det er
herleg å vere både så like og så forskjellige.. Vi får alltid så gode
diskusjonar, med respekt for kvarandre sine synspunkt, og om vi ikkje
blir einige, så kan vi einast om å vere ueinige, gje kvarandre ein klem,
og fortsette å nyte sola...).
Så titta vi på klokka, og fann ut
at med gode 45 min til båten gjekk, hadde vi tid å sjå innom nokre
morosame butikkar, sjølv om lommeboka ikkje tillot dei store
utskeielsane.. Men sidan Benedikte nett har kjøpt leilighet saman med
sin kjære Håkon, og har litt møblering å ta seg av, er det jo greit å få
ei lita oversikt over kva som fins der ute! Så vi arbeida oss
bortigjennom, såg og spekulerte, og kom til slutt bort til krysset der
vi anten kunne gå vidare opp gata, eller bort til kaia der eg skulle ta
båten. Benedikte sjekka klokka, eg såg kor ho kvitna, og ho spurde meg
"Når var det den båten gjekk att?" "16.30" "Det er det klokka er no!" Vi
la på sprang, eg slengde nøkkelen til oppbevaringsskapet mitt på
terminalen til Benedikte (som sprang igjennom terminalen for å røske med
seg bagen min), og eg spurta for berre livet langs sjøsida av
terminalen, for å prøve å få stoppa båten.. Eg kom fram til kaia akkurat
i tide til å sjå Måløy-båten bakke ut frå kaia, og forsvinne i det
fjerne...
Orda som deretter kom ut or munnen min skal av omsyn
til din sjelefred, kjære lesar, ikkje takast opp att her..
Men kven seier at den siste gentleman er død?!
Karane på
båten som skulle til Sogn, og som eigentleg òg hadde lagt frå, la til
kai att, fekk meg om bord, ringte opp til Måløy-båten og fekk meg på
rett båt ved første stopp begge la til på..
Så takka vere deira
innsats, kunne eg i går kveld setje meg i eigen sofa, med eit lite glas
kvitvin og pakke ut innkjøpa mine. Blakk som ein fjording, men endeleg
hadde eg i hende fransk grammatikk, 2 Jules Verne-bøker, ei stor bok om
fransk mat og (takka vere Benedikte som har hatt sommarjobb på
turistinformasjonen i Bergen) 2 brosjyrer om fjord-Noreg på fransk, for
dei dagane eg vil øve meg litt, men ikkje tør meg på ei heil bok..
Takk
for ein strålande dag, Benedikte, men neste gong trur eg vi bereknar
LITT betre tid på båten.. :)