onsdag 1. august 2012

Zu faire sa valise! :)

Dei siste dagane har nok vore ei mindre enn ideell oppvarming til ferien:
Eg har lege strekk ut, og kjempa mot bronkitt med tilhøyrande feber.
I slutten av juli! Korleis klarte eg det, kan du kanskje spørje deg sjølv, kjære lesar, og kjem du opp med eit godt svar, så vil eg gjerne høyre det!
I går kom eg meg iallfall til le docteur, og han skreiv med glede ut ein stor boks antibiotika til meg, og meinte på at eg godt skulle vere i stand til å reise på laurdag. Heldigvis!

Så i dag, under ein liten avbrytelse i hostinga, fekk eg så smått begynt på pakkinga:
Dei viktigaste tinga er allereie med: pass, solbriller, bikini, og le petit moir!

Jada, mamma, kofferten er, som du ser, godt merka, med lærlapp som ikkje kan dette av same kva!
Dessuten står der både namn, tittel, adresse, e-mail og telefonnummer.

Så no har eg god tid til å plukke saman alle småting som ein vanlegvis gløymer i kampens hete.
Har plukka fram eigen skulebag, der bøker, pc, laderar og andre ting eg ikkje kan miste skal få bu, og vere med meg som handbagasje. Kan seie kva du vil, men det er ein modig mann som sjekkar inn noko ein er redd for på ein flytur! Eg har rett nok ikkje mista noko eller fått noko ødelagt enno, men det betyr vel berre at oddsa er i mot meg?

Alle reisedokument er i orden og utskrivne (eg har til og med endeleg fått bestilt båtbilletten til Bergen), og pusevakt er parat! Jimi skal få tilbringe ferien sin på landet hos Bente, og leike i skogen med Ingolf og Sussi (ja, kattane hennar heiter det) i to veker, men mamma set seg på skulebenken igjen.

Nervøs? Moi?
Ja, litt, skal eg heilt ærleg innrømme, no som ting nærmar seg, og det går opp for meg at for første gong i livet skal eg feriere aleine! På ein plass eg aldri har vore før, saman med folk eg enno ikkje har møtt og eit språk som eg slett ikkje beherskar.. Ja, eg er stor jente, og vert stadig fortalt at eg er så utadvent at det nesten er eit handicap, men likevel! Kva om dei andre ungane ikkje likar meg? Jepp, der regresserte eg tilbake til første skuledag..
Og det er det jo, på ein måte..
Ikkje at eg ikkje trur at det går bra, men eg lova vel å fortelle om alt smått relatert til turen, og sommarfuglar i magen er nok å forvente. Eller burde eg kalle dei papillions?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar