| Joanna frå Australia, Sayaka frå Japan og Line frå Danmark. Den internasjonale gjengen! |
Likevel, franskkunnskapane later noget tilbake at ønske her òg, særleg tala! Dei har eit snålt system for alt over 70.. Heldigvis har vi Claire, eit unikum av ein lærar, som klarar å vere like blid og entusiastisk kvar dag, og tek det med knusande ro at vi må ha alt inn med teskei. I dag klarte eg faktisk å telle til 100 utan jukselapp!
Veldig stolt øyeblikk, og sidan eg tilfeldigvis stod i dusjen då, lurte eg litt på å ta ein Arkimedes og springe naken gjennom gatene mens eg ropte ”Eureka!”. Den lysta gjekk heldigvis kjapt over, då innsida av eit fransk fengsel ikkje er ein av dei tinga eg vil sjå mens eg er her, men godkjensla sit i enno, og eg trur ikkje Arkimedes var like stolt som meg akkurat då!
Sosialt sett kunne ikkje ting vore betre! Den internasjonale gjengen som fann saman første dagen held stadig saman, og i går tok vi turen på stranda! Herleg dag, fin sol, god badetemperatur.. Og 3 jenter som trudde dei kjende huda si og sola si effekt på den… Ehhhh, nei…. Vi stilte til time 16.00 raude som hummerar, men heldigvis ikkje noko som var så gale at vi fekk blemmer! Takk mamma, for den tuba med aloe vera-gel! Og Line er òg veldig takknemleg…
På reint medisinsk grunnlag, tok ho nemleg turen innom med ein melon som snacks, fekk låne litt aloe med meg, og som smertestillande kverka vi ei flaske rosèvin. Med litt ost, kjeks og mørk sjokolade var smaksopplevelsen komplett, og det er litt kjekt at prisane her nede er behagelege nok til at ein kan unne seg slikt på studentbudsjett!
Tysdagskvelden vart òg tilbrakt i strålande selskap, då gjekk eg ut og åt middag med Jovita frå Slovenia. Vi fann ein sjømatrestaurant på Place de Comedie, og blåskjella der var ubeskrivelege! Salte, passe krydra, i god saus… Vi åt, drakk kald kvitvin og naut stemninga med gatemusikantar og folkeliv. Koselig!
Av andre gode matopplevelsar må dagens lunsj nemnes, då gjekk den internasjonale gjengen på creperie! Der serverer dei crepes (pannekaker) med ulikt fyll. Eg tenkte at dette var altfor lite for middag, difor vart det lunsj. Eg tok såååå feil! Først gjekk eg for ei med krabbekjøtt- og ostefyll. Nydeleg, mektig, og eg fekk ned heile! Men vi hadde bestilt meny.. Og den inkluderte ein pannekake til, men dessertvarianten. Eg hadde bestilt ei med pære- og sjokoladefyll, nydeleg og velbalansert, men der måtte faktisk sjølv eg gje tapt! Eg var så mett!
På ein eller annan merkeleg måte klarte vi likevel å komme oss til time, og i dag har vi avansert til fargar. Det går stadig framover!
På programmet framover står vinsmaking i morgon kveld, og omvisning på eit slott på laurdag. Søndag snakka vi om eit nytt forsøk på stranda, denne gongen Le Grande Motte i staden for Le Petit Travers som vi besøkte på onsdag. Rapportar følgjer!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar