Nedteljinga forset, og om tre små ynkelege dagar er eg i Frankrike!
Reiser frå Måløy allerede tidleg laurdag morgon, og ankjem Bergen på føremiddag. Så skal eg besøke mi gode venninne Heidi, som er kjempegravid med sin første, men har lova å krysse beina til over helga. Termin er tross alt ikkje før 12. august, så dette går fint!
Uanstendig tidleg neste morgon, altså søndag 06.25, går flyet frå Bergen, og etter eit par mellomlandingar i Amsterdam og Paris, skal eg lande i Montpellier 13.55 søndag!
I går kom mailen med adressa til leiligheta, og eg skal bu i Résidence L'Obsevatoire, 1 rue Henri Guinier. 3 min gange frå skulen, lovar dei, og 5 frå den lokale trikk-, tog- busstasjonen.
Skulle nokon kjende vere i området er det berre å stikke innom :)
Kofferten er no ferdigpakka, med nytt tilskot av bikini, sarong og nye solbriller (97,- til saman! Takk og pris for salg!), alle papir og billettar er utskrevne og putta i veska saman med eit flunkande nytt pass, eg er snart a jour med alt som skal vere ferdig på jobb før eg stikk, til tross for mitt uheldige sjukdomsavbrot.. Og som lova av min kjære lege, som eg sterkt vurderar å få kanonisert, fungerar pillane over all forventning, og eg er nesten frisk! I det store og det heile er eg veldig klar for ferie!
Så no sit eg her i fred og ro, levande lys og litt rosè i glaset, og høyrer på min nye franske favorittartist: Amandine Bourgeois! Litt rocka singer/songwriter, som syng på fransk, og og takka vere henne høyrer eg no alltid når eit ord sluttar og eit begynner i ei fransk setning! Det er sjelden eg skjønnar kva ho seier då, men musikken er bra, og eg kosar meg skikkeleg her eg sit!
Bon Soir!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar