Ein MÅ berre like franskmennene: I standardutstyret på rommet mitt fins der ingen kniv for matlaging, berre to handkle og null såpe for verken det eine eller det andre,men der er ein vinåpner! Ein god ein!
I dag tidleg, rundt 10, gjekk eg ut, handla frokost og ingrediensar til middag i kveld, og ei flaske vin.. Eit heilt vanleg supermarked har mykje betre vinutval enn noko vinmonopol eg har sett! Ein kan rett nok ikkje kjøpe bodylotion, og den særnorske tildekka sigaretthylla fins ingen plass, men for slikt har dei spesialbutikkar, og der kan ein gå inn, sjå på eit stort utval, og alltid finne den som passar for kvar enkelt..
Ferdigmat er noko heilt anna her i Frankrike: den er stort sett på brett der ingrediensane er adskilde og kanskje skal blandast etterpå, eller det er gryter, som smakar som om dei har kokt heime på bestemors kjøkken i timesvis.. Kort sagt: ferdigmaten smakar godt! Eg har blitt lett avhenging av noko som heite tabouile, couscous med grønnsaker, og av og til reker eller kjøt.
På vegen til stranda i dag, stoppa eg, Line og Daniella ved eit supermarked, og kjøpte med oss 2 øl på kvar for å nyte på stranda. Likevel, sjølv om alkohol er så tilgjengeleg, har eg ikkje sett ein einaste full person heile veka!
Sjølv i køen utanfor puben fredagsnatta var alle tilregnelege. Jaja, unntatt nokre engelskmenn, men dei kan ein ikkje rekne med i denne samanhengen..
No er klokka 19.45, eg har vore på stranda heile dagen, og har ikkje blitt brent! På komfyren boblar noko sjølvkomponert, med franske pølser med kvitløk og basilikum, aubergine, løk, masse tomatar og ein skvett raudvin. Eg nyt litt rosèvin mens eg ventar på middagen, og nyt lydane frå gata; små scooterar, bussar, trikken, folk som pratar på fransk (og tysk, engelsk, spansk og noko eg ikkje skjønnar, eg bur jo tross alt på ein residence). Eg nyt rett og slett Frankrike! Dessverre, grunna linja på le residence, kan eg knapt laste opp bilder, og får ikkje skille avsnitt her på bloggen. Fiksar dette neste laurdag, når eg får koble til norsk nett hos mi kjære venninne Benedikte, så då må de nok lese opp att alle rapportar frå Frankrike! Men frykt ikkje; Unni har det herleg i Frankrike!
Denne turen er akkurat som oppussinga av soverommet mitt: Eg trudde det ville bli bra, men sooooo bra hadde eg aldri forventa! Nesten litt som vidaregåande: Masse nye folk, masse ting å gjere, og litt skule innimellom.
Neste veke har eg nesten fullbooka, 2 restaurantar som må besøkast, mani/pedi på ein salong Line fann, ein tur på La Grande Motte (den store stranda som vi ikkje har komt oss til enno..), messe i ei katolsk kyrkje på Maria Himmelfart, jakta på den perfekte franske kjolen og avskjedsmiddag med gjengen for meg, sidan eg er den første av oss som reiser heim att.. Kort sagt, eg har aldri eit kjedeleg øyeblikk! Unntatt dei siste 10 minutta av fransktimen, då vi alle har fått nok av grammatikk, og berre vil heim..
Mistenkjer dette kjem til å endre seg neste veke, sidan vi endrar timeplan! Denne veka har vi hatt timar på ettermiddagen, vi har ofte begynt 16.00 og slutta 19.15, men neste veke skal vi begynne mellom 8 og 10 om morgonen, og sluttar ved midi (altså rundt middag). Derfor er vi alle fulle av koffein (den franske kaffien er sterk!) og sukker (dei er store på sukkerhaldige frokostar her, gjerne ein croissant eller ein bain de chololate (luftig bakverk med store bitar mørk sjokolade), ikkje eit land for oss på lavkarbo!). Eg tenkjer derfor at motivasjonen går opp eit hakk, og i staden for å gå ut til lunsj eller på stranda før timen, kan vi heller gjere det etterpå! Mistenkjer det gjer underverk for heile gjengen..
Men likevel, eg har verkeleg likt å få sove så lenge som eg vil, stå opp i tide for lunsj med gjengen og litt shopping, og deretter fransktime, før nokre av oss går ut til middag. Klientellet varierer alltid, av og til er det meg og ei klassevenninne, av og til er det ein heil gjeng! Fredag var herleg, då sat vi 10 stykke rundt eit bord i parken, og berre 2 var frå same land..
Eg møter så mange at eg må endre facebookinnstillingane mine! Før har ein måtta vere ven med ein ven for å finne meg, men for å halde kontakta med alle mine nye vener må det fiksast.. Eg må berre seie det igjen: Eg har det herleg! Språkreise kan definitint anbefalast! Greitt nok, mon residence er ikkje fancy, men det er nesten reint nok, og resten kan fikses på 15 min.. Dette hadde vore annleis om eg valde å bu med ein familie, men eg trur eg trives best aleine.. Eige bad osb..
J’aime la France! Hadde det ikkje vore for Jimi og koret, trur eg at eg hadde blitt her.. Men no har eg berre ei veke att, og så er det heim til kulden..
Gledar meg iallfall til å treffe Benedikte, som dessverre var i bryllaup då eg reiste nedover, og å stikke kjapt innom Heidi (ikkje for lenge, vil ikkje stresse den nye familien, berre helse på den nye verdensborgaren og gje vennane mine ein klem), ete på Pastasentralen og puste i luft som er under 30 grader..
Jepp, eg er nok ein viking, så sjølv om varmen ikkje plagar meg lenger, ser eg nesten fram til den vestnorske hausten. Eg har vore på lading i ei veke, og om ei veke til, er eg klar for nye utfordringar!
Kom an, Frode dirrigent og Rita-sjef, lay it on me!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar