Det var vel ein seine januarkveld, etter at jula var rydda vekk og vegen mot sommar virka urimeleg lang å gå (vel, let's face it, eg bur på Vestlandet, faren for sommar i det heile tatt er vel ikkje direkte overhengande), då var det unge (ish) frøken Olsbø spurte seg sjølv: "Ka vil gjere meg litt happy og dra meg ut av vintermelankolien sitt klamme grep?"
"Joda," svarte ho seg sjølv, "utsiktene til ein tur til sol og varme!"
"Men blir det ikkje skrekkelig kjedelig å reise heilt plitt mutters aleine for å ligge på stranda i ei veke?"
"Jo, derfor tek du deg ein tur på språkreise!"
Når den midlertidige personlighetsspaltninga var gått over, fann eg ut at det eigentleg var ein inderlig god idè!
Fram med google, og når Språkreisebyrået dukka opp på søket, var det gjort..
Montepellièr i Frankrike vart vald, og etter ein kjapp titt på sparekontoen fann eg ut at her var det berre å hive seg rundt og bestille.
Ferie frå jobb vart innvilga, og plutseleg sat eg der med kvittering på både språkreise, losji og flybillett i handa!
Først då var det eg kom på at det einaste eg kan på fransk er å bestille kvitvin og fortelle at eg ikkje snakkar fransk, men men.. Detaljar! Dei har nybegynnerkurs, og så tenkjer eg å få lest litt på heimebane før eg fèr. Turen til Nice med koret i april i fjor gikk jo veldig bra (om vi ser vekk frå enkelte episoder med natteleg allsang og ein tanke tøying av levra sine grenser, men det hadde nok neppe noko med franskkunnskapane mine å gjere), så dette ser eg lyst på!
Gledar meg faktisk som ein liten unge, og må minst ein gong i veka gni det inn hjå min stakkars kollega/turkamerat/terapeut Åse-Berit. Gledar meg, gledar meg, gledar meg!
Det var faktisk den same Åse-Berit som meinte på at ein blogg for å dokumentere mine opplevingar i det store utland burde opprettas, og ein liten tjuvstart må vel vere lov, om ikkje anna på reint terapeutisk grunnlag, slik at eg ikkje forgår av reisefeber allereie før påske..
Nemnde eg forresten at eg gledar meg?
FLOTTE GREIER! Bra du høyre på meg;) Gleeeeeedar meg til å fylgje med deg på turen (sjølv om eg har meir lyst til å krype oppi kofferten din og bli med i staden for;)). Og når det kjem til allsang og tøying av levra sine grenser så er det vel fare for at det kan skje igjen, men eg trur uansett ikkje du kan skulde det på manglande franskkunnskapar..Men det er mykje anna ein kan skulde på;)
SvarSlettPS: Gledar du deg?;)
SvarSlettNår du nevner det: Gledar meg, gledar meg, gledar meg!
SlettSkal stikke innom kontoret ditt litt seinare og framføre ein liten gledesdans, berre for virkeleg å gni d inn..
Blir sikkert plass i kofferten, med Guds hjelp og litt vaselin ;)