I skrivande stund sit eg og ser utover masse blått!
Blå himmel og blått hav, noko som er ein relativt uvanleg kombinasjon her på Vestlandet. Det går mykje i grått med enkelte kvite innslag, sjølv no på den årstida vi har høyrt rykter om at dei har sommar på Austlandet.. Difor må dette nytast så godt som råd!
Skulle gjerne ha tatt meg ei liten slurk med noko fransk og kaldt på verandaen, men trur helga skal brukast til mykje meir nyttig! Min helgenerklærte husvert har nemleg gjett unge mademoiselle eit lite budsjett for ordnings av hageflekken utanfor døra mi, og motivasjonen til å få gjort noko er stadig stigande!
Kirsebærtre og stauder ligg i korta, men først har eg og husvert Irene eit lite prosjekt på gong: vi skal mure! Det har seg nemleg slik at den flekken vi tek føre oss no ikkje kan gjerast noko særleg med før vi har fått ein god mur til å halde jorda på plass, og husvert sin kjære samboar såg seg ikkje i syne med å prøve seg på slike utskeielsar. Då såg eg på Irene og Irene såg på meg, og så kom vi fram til at om vi berre stakk våre blonde hovud saman, skulle vel ikkje dette by på noko problem? Kva kan gå gale?
Nøyaktig kva som gjekk gale skal eg nok vite å klage høglytt over når den tid kjem, men foreløbig er tonen optimistisk, og vi går i gong med ein song i hjartet og sola i ryggen.
Ønsk meg lykke til! :)
Lukke til! ;)
SvarSlett