I dag gjorde eg ein av mine absolutte favoritting: Eg tok meg ein tur til bokhandelen!
Målet for ekskursjonen var ei fransk-norsk ordbok, som eg mistenkjer kjem til å bli myyyykje brukt dei neste månadane..
However, når eg stod der framfor språk- og reiseseksjonen, var der inga fransk ordbok å sjå!
Der var engelsk, tysk, italiensk, finsk, thai og koreansk, men einaste franske var ein lita lommeordbok som ein knapt romma 6 gloser. Men eg tenkte no i mitt indre at dette kan jo ikkje stemme, her må jo vere noko litt meir brukbart ein eller annan plass! Og sant nok, etter å ha flytta på alt av ordbøker, der stod den, gøymt bak ein tysk murstein, Fransk-Norsk Ordbok, med minigrammatikk og eit eige kapittel om feil i setningsoppbyggjing som nordmenn ofte gjer. O' lykke!
Med byttet under armen kunne eg hengi meg til det eg virkeleg elskar med bokhandlar, nemleg å gå rundt frå hylle til hylle, dra ut ei reisebok her og ei kokebok der, lese litt på baksida, nyte lukta av ny bok og sette opp mental ønskeliste over alle bøkene som skal erverast den dagen eg vinn i lotto.
Eg er den einaste eg veit om som vindusshoppar i bokhandlar på same måten som mange gjer i klesbutikkar!
Men no i den digitale tid, den papirlause tidsalderen, er det noko betryggande og deilig ved å stå med halvannen kilo trykt lærdom i handa. (Mental trening for kontorarbeiderar: bruke uttrykket "den papirlause tidsalder uten å bryte saman i latterkrampe..)
Så no sit eg her, blar i mi nyinnkjøpte ordbok, og kjenner berre kor eg gledar meg til den dagen eg kjenner at eg kanskje beherskar dette språket litt!
France, ici je viens!
Ohhhhh lukke!:)
SvarSlettOg eg kjenner opptil fleire som forgudar bokhandlar slik som du gjer, så du er ikkje åleine om det;) Og dette med den papirlause tidsalder.....Eg MÅ berre le! Har du sett kontorpultane våre til tider?;)